NRK Meny
Normal

MÅ du ut på vegen så ver varsam!

Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens Vegvesen ber folk som absolutt må ut på vegane om å køyre svært varsamt.

Mange stengde vegar i Sogn og Fjordane

KAOTISK: Vegvesenet ventar på at det skal bli lyst.

Foto: Åse-Iren Løset

SISTE: Geologar har no sjekka rasstadene i Årdal og Flåm, og der kan oppryddingsarbeidet starte så snart det blir lyst.

På grunn av dårleg ver kan ikkje geologane bruke helikopter, difor køyrer dei rundt i bil for å sjekke rasfaren. Dei arbeider seg vestover i fylket.

Ras og rasfare på grunn av mykje regn gjer det svært utrygt på fleire vegar, og mange av dei viktigaste vegane er stengde.

Ras på fv 53 mellom Naddvik og Fodnes

Raset som stenger fylkesveg 53 mellom Naddvik i Årdal og Fodnes.

Foto: tipsar

Vanskeleg på fjellet

– Det er ein svært vanskeleg situasjon på vegane våre. No er det snø og kuling i fjellet som gjer det ekstra vanskeleg.

Det gjeld m.a. E16 i Flåm og riksveg 5 i Kjøsnesfjorden mellom Skei og Sogndal.

LES OGSÅ: Bussar vart sperra inne av ras

LES OGSÅ: Vegane er eit einaste kaos

Nils Magne Slinde

VER VARSAM:Nils Magne Slinde ber folk halde seg heime om dei ikkje må ut på vegane.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

E39 var natt til tysdag stengd mellom Skei og Førde, men er no delvis opna igjen. På Sunde i Førde blir mindre bilar dirigerte via ein gangveg.

Nær 8000 isolerte

Til saman er nær 8000 innbyggjarar i Sogn og Fjordane isolerte. Det gjeld heile Årdal kommune og Høyanger tettstad. I Årdal er i tillegg bygda Seimsdalen isolert frå resten av kommunen.

Fjellovergangane stengde

Alle fjellovergangane mellom Austlandet og Sogn og Fjordane er stengde, bortsett frå rv 52 over Hemsedalsfjelelt, der det er kolonnekøyring. Om lag klokka 5.30 vart E16 over Filefjellet stengd på grunn av uver.

I tillegg er nær 20 fylkesvegar stengde i Sogn og Fjordane.

– Ventar på geolog

– Rasfaren har nok minka litt no, det er langt mindre regn enn i går kveld, men vi er ikkje trygge på situasjonen og held vegane stengde til vi har hatt geolog på staden for å vurdere dei ulike rasstrekningane.

Her er heile lista over dei stengde vegane i fylket .

Klokka 07.28 var stoda slik:

  • E 16 Gudvangatunnelen - Aurland, ved Brekke bru er mellombels stengd på grunn av jordras.
  • E16 Filefjellet - der er det no innført kolonnekøyring.
  • Rv 5 Sogndal - Skei, ved Kjøsnesfjorden - mellombels stengt på grunn av steinras.
  • Rv 13 Vikafjellet - mellombels stengt på grunn av uver. Blir ikkje opna i dag.
  • Rv 15Strynefjellet - mellombels stengt på grunn av uver. Ny vurdering klokken 10:00.
  • Rv 52 Hemsedalsfjell er stengd på grunn av uvær.
  • Rv 55 Leikanger - Hella - manuell dirigering på grunn av oppryddingsarbeid.
  • Fv 50 Hol - Aurland - mellombels stengt på grunn av uver.
  • Fv 53Tyin - Årdal - mellombels stengt på grunn av uver.
  • Fv 53 Årdalstangen - Fodnes - mellombels stengt på grunn av steinras.
  • Fv 55 Høyanger - Balestrand - Mellombels stengt på grunn av oppryddingsarbeid etter steinras.
  • Fv 55 Høyanger - Nordeide - er no opna att.
  • Fv 55 Balestrand - Dragsvik, ved Esefjorden - mellombels stengt på grunn av jordras.
  • Fv 92 Arnafjord - Vik - mellombels stengt på grunn av opprydding etter ras. Blir ikkje iopna i dag.
  • Fv 241 Gudvangen - Bakka - mellombels stengt på grunn av jordras.
  • Fv 242 Skjerdal - Aurlandsvangen - mellombels stengt på grunn av steinras
  • Fv 303 Årdalstangen - Seimsdalen er no opna att etter å ha vore stengd på grunn av steinras.
  • Fv 331 Urnes - Skjolden - er no opna att etter å ha vore stengd på grunn av steinras.
  • Fv 542 Stavang - Kvalvik, ved Eikefjord - Innsnevring på grunn av oppryddingsarbeid.
  • Fv 601 Langhuso - Undredal, ved Langhuso - mellombels stengt på grunn av jordras. Blir ikkje opna i dag.
  • Fv 609 Hundsåna (i Askvoll kommune) - mellombels stengt på grunn av steinras.
  • Fv 615 Storebru - Hyen, (Hope - Hyen) - mellombels stengt på grunn av steinras.
  • Fv 616 Ferjesambandet Oldeide - Måløy er no i gang att etter at det var innstilt på grunn av sterk vind.
  • Fv 662Eid - Torheim - mellombels stengt på grunn av opprydningsarbeid.
  • Fv 694 Årdal - Reed, ved Reed - mellombels stengt på grunn av steinras.
  • Fv 664 Otterdal (i Hornindal kommune) Sogn og Fjordane - stengt på grunn av steinras.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.