Om den nye lova som er ute til høyring no blir vedteken vil det bli forbode å bruke sine eigne poteter og korn utan at ein betalar ei avgift til dei som har utvikla og eig rettigheitene til den arten.
Magne Gullord dagleg leiar i Graminor seier dei er tvinga av regjeringa til å skaffe eigne inntekter til forsking og ynskjer difor lova velkomen. Bøndene likar ikkje forslaget, og bonde Per Hjermann meiner at det offentlege må løyve pengar til forsking, i staden for å trekkje seg ut.