Må betale for 12 ferjeavgangar

Fjord1 må betale nær 39.000 kroner til Statens vegvesen på grunn av 12 kansellerte avgangar. Dette gjeld avgangar på fylkessambanda Stårheim-Isane og Måløy - Oldeide - Husevåg. Ferjeturane blei ikkje utførte grunna skodde og sterk vind, men dette meiner Statens vegvesen ikkje høyrer inn under ekstraordinære vêrforhold, som ifølgje kontrakta er grunn til å kansellere avgangar.