NRK Meny
Normal

Må betale dyrt for skadeskyting

Ein mann i slutten av 60-åra frå Sogn må betale 12.000 kroner i bot etter at han skadeskaut fire reinsdyr.

Sogn tingrett

FÅR IKKJE DRIVE JAKT PÅ TO ÅR: Det har Sogn tingrett bestemt etter det dei skildrar som ein uforsvarleg jaktepisode i fjor sommar.

Foto: Arve Uglum / NRK

Den erfarne jegeren måtte møte i retten tiltalt for å ha drive jakt på ein måte som gjorde at viltet vart utsett for unødige lidingar. Dette skjedde då mannen i fjor sommar skaut mot ein reinsdyrflokk og skadeskaut fire dyr ein stad i Sogn.

Den sikta har forklart at han var klar over at dyret han sikta på var ein del av ein større flokk, sjølv om dyret slik han såg det stod for seg sjølv då det første skotet vart fyrt av.

I det han deretter avfyrte tre nye skot for å avlive dyret meiner retten mannen burde ha undersøkt om andre dyrt vart skadde. Trass si fleire tiår lange erfaring som jeger gjorde han ikkje noko for å sikre seg at ikkje andre dyr var skadde, og om det var behov for ettersøk.

I dommen går det også fram at jegeren mannen ikkje hadde oversikt over om det var andre jegerar i området, eller kor dei var då han avfyrte skota.

Retten meiner heile jaktsituasjonen må karakteriserast som uforsvarleg, og meiner skadeomfanget er større enn at mannen kan sleppe unna med ei bot.

Mannen vedgjekk forholdet då han møtte i Sogn tingrett, og retten har lagt til grunn at mannen handla grovt aktlaust.

Retten har dømd mannen til 21 dagar fengsel på vilkår, med ei prøvetid på to år. Han må betale ei bot på 12.000 kroner og er frådømt retten til å drive jakt og fangst i to år.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.