Hopp til innhold

Må betale 93.000 kroner - meiner NAV har gjort feil

Sidan ektemannen gjekk bort har Bente Rakkenes Nygaard fått enkepensjon frå Nav. No krev dei 93.000 kroner i tilbakebetaling, etter at dei sjølve gløymde å justere pensjonsutbetalinga i tre år.

Bente Nygaard

MÅ BETALE DYRT: Bente Nygaard må betale tilbake 90.000 etter feil frå Nav.

Foto: Privat

– Eg fekk sjokk. Eg skjønar ikkje korleis eg skal klare å betale desse pengane tilbake, seier Nygaard til NRK.

Ektemannen Otto Kalland gjekk bort i 2002. Sidan har ho fått gjenlevandepensjon som skal «sikre inntekt til livsopphald etter dødsfall for gjenlevande ektefelle», skriv Firdaposten i dag.

Fekk for mykje

I november i fjor fekk ho eit brev frå NAV om at dei skulle ta ein sjekk på utbetalinga ho har fått som enkepensjon.

Beskjeden frå NAV var at ho har fått utbetalt for mykje heilt sidan 2008. No må ho betale tilbake 93.396 kroner. Dette må ho betale tilbake snarast.

Pensjonen ho har fått utbetalt vert justert etter kor mykje ho tener. Nygaard har sjølv sendt inn dokumentasjon nå ho har gått opp i løn.

Ho fortel at pensjonsutbetalinga frå Nav kunne variere frå månad til månad og at ho gjekk ut ifrå at dette var justering ut ifrå kor mykje ho har fått i løn frå jobbne som hjelpepleiar.

– Eg har gjort alt rett, og eg har stolt på at NAV har gjort sine ting rett og.

– Må kunne stole på Nav

Ho må no betale tilbake 2000 kroner i månaden til NAV. Nygaard er fortvila situasjonen ho har hamna i.

– Det er heilt vanvitig korleis dei behandlar brukarane sine, eg trudde jobben til Nav var å hjelpe, ikkje gå i mot oss, seier ho.

Vil ikkje svare konkret

Fungerande direktør Anne-Louise Nore i NAV Pensjon seier vedtaket er påklagd og vil bli oversendt til Klageinstans for vurdering.

Til Firdaposten seier ho at ho ikkje vil kommentere saka til Nygaard. Ho vil heller ikkje svare på om det er slik at kvar enkelt brukar har hovudansvar for å sørgje for at NAV gjer jobben sin.

– I nokre tilfelle har ikkje saker blitt fanga opp i dei årlege inntektskontrollane, og når saka blir behandla kan brukar ha hatt feil utbetalingsperiodar som går attende i år, seier Nore.