Hopp til innhold

Må betale dyrt for hummar

Ein mann i 50-åra er i tingretten dømd til å betale 9.600 kroner i bot. Mannen fekk ikkje med seg ei lovendring som kom ved nyttår i fjor, som seier at hummarteiner skal ha rømmingshol innmontert med biologisk tråd. Tingretten kom til at mannen ikkje handla med forsett då han sette åtte hummarteiner i Sognefjorden i fjor haust.