Hopp til innhold

Må betale dyrt for dårleg veg

Både buss- og lastebilnæringa i fylket merkar den dårlege standarden på E39 på lommeboka.

Passering E39.

Buss og lastebilnæringa må betale dyrt for at standarden på E39 gjennom Sogn og Fjordane er den dårlegaste i heile landet. Fleire stader er det svært trangt når store køyrety skal passere kvarandre, slik som bilete syner.

Foto: NRK

- Dette er arbeidsplassen vår. At E39 er i så dårleg stand er det vi som må betale for, seier administrerande direktør i Firda Billag, Peter Olav Midthun.

Fleire negative konsekvensar

Det er opplysningsrådet for vegtrafikk (OFV) som i ein rapport har slått fast at E39 gjennom Sogn og Fjordane er den verste vegstrekninga i heile landet. Årsaka er i hovudsak omfanget av flaskehalsar, krappe svingar og smale vegar.

Peter Olav Midthun

Peter Olav Midthun er administrerande direktør i Firda Billag AS. Dei må betale dyrt for den dårlege standarden på europaveg 39 gjennom fylket.

Foto: Firda Billag

Det fører til negative konsekvensar for dei som nyttar vegane kvar einaste dag.

- Vi får eit høgare dieselforbruk og meir slitasje på utstyret vårt. I tillegg går det utover sjåførane våre, som får ein meir slitsam arbeidsdag - og alt dette påverkar måten vi transporterer gods på, forklarar Midthun.

At vegen som arbeidsplass gir dårlege forhold for dei som arbeider der, er også noko opplysningsrådet for vegtrafikk har slått fast i sin rapport.

- Dette fører til at varetransport er dyrare enn det som er naudsynt, seier fagsjef Vilrid Femoen i OFV.

- Stor auke i dieselforbruk

Også dagleg leiar i Thor Tenden Transport i Stryn, Rolf Olav Tenden, merkar den dårlege standarden i sine rekneskap.

Rolf Olav Tenden

Dagleg leiar Rolf Olav Tenden i Thor Tenden Transport i Stryn.

Foto: Ottar Starheim / NRK

- Det er klart dårlege vegar er dyrt for oss. Vi må ha meir vedlikehald på vegane på grunn av dårleg vegbane. I tillegg kostar det oss meir fordi det tek oss lengre tid å kome fram når vegane har så dårleg standard, forklarar Tenden.

Den dårlege vegen fører også til hyppigare stogg på bensinstasjonane.

- Den dårlege vegstandarden åleine fører til auka dieselforbruk. Dette fordi bilane ikkje kan ha jamn fart. På ein stor bil utgjer denne auken kanskje må mykje som ein halv liter diesel per mil, seier Tenden.