NRK Meny
Normal

Må betale 20 000 i erstatning etter vald på fotballbana

Mannen i 20-åra likte dårleg den fysiske spelestilen til motspelaren. Det enda i kraftige spark – og domfelling i Fjordane tingrett.

Fjordane tingrett

DØMD: Ein mann busett i Nordfjord hevda han vart provosert over rått og fysisk fotballspel. No er han dømd for lekamskrenking i Fjordane tingrett.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Det var i Nordfjord, på nasjonaldagen i fjor, at fotballkampen mellom åtte kjenningar ikkje gjekk heilt som planlagt.

Den eine, ein mann i 20-åra, vart kraftig irritert over rått og fysisk spel frå ein motspelar.

Braut handa

Då han verken fekk orsaking eller respons på oppmoding om ein prat om det, svara han med tre-fire spark mot hofteregionen.

Nokre av sparka trefte fornærma i venstre hand, som han nytta til å forsvare seg med.

Ein legevisitt og røntgen same dag stadfesta brotet. Den tiltalte mannen i 20-åra meinte brotet måtte ha skjedd på eit tidlegare tidspunkt. Retten fann det umogleg at han kunne hatt ein så fysisk spelestil med brota hand.

Hevda provokasjon

Samstundes meinte retten at sparka ikkje vart retta med tanke på å gjere skade. Fleirtalet fann mannen skuldig i ordinær lekamskrenking.

Mannen hevda han vart provosert. Dette sa retten seg usamd i.

– (Han) var godt kjent med at fornærma har ein «tøff» spelestil. Ved å delta i kampen, har tiltalte samtykka til at slike taklingar kunne finne stad, skriv tingrettsdommar Ida Kristin Bøen.

Utsett fengsel

Aktor la ned påstand om fengsel i 45 dagar, 42 500 kroner i erstatning både for utlegg for skaden og tapt inntekt.

Fornærma gjekk med gips i fem veker og kunne av den grunn ikkje ta ein sommarjobb han var lova.

Retten dømde mannen til fengsel i 24 dagar. Straffa blir utsett med prøvetid på to år. Han må også betale fornærma 20 700 kroner i erstatning.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser