Må betala dyrt for kjøp av stolen øl

Ein mann i 40-åra må betale 18.500 kroner i bot etter at han kjøpte store mengder øl som var stole.

Sogn og Fjordane tingrett

LÅGARE STRAFF: Strafferamma for lovbrotet mannen gjorde gjev vanlegvis 30.000 kroner i bot, men grunna lang saksbehandling og låg verdi på kjøpet fekk mannen lågare straff.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sogningen i 40-åra er i Sogn og Fjordane Tingrett dømt for å ha kjøpt over 1300 boksar med øl og sider for i underkant av 14.000 kroner. Varene han kjøpte frå ein kamerat var stole under transport frå bryggeriet til forskjellige butikkar.

I retten nekta mannen i 40-åra straffskuld, men vedgjekk at han hadde mottatt øl. Han fortalde at han hadde blitt fortalt at det var vanleg praksis at sjåførane fekk øl som skulle destruerast, blant anna på grunn av at ølet var gått ut på dato.

Blant anna skal han ha fått 13 tipakningar med øl til bryllaupet sitt, men ei ransaking politiet gjorde hjå mannen i 2015 viste at det var snakk om minst 58 tipakningar. Retten trudde heller ikkje på bryllaupsforklaringa då det har gått tre år sidan han fekk ølet og mannen er framleis ikkje gift.

I tillegg til ei bot på 18.500 kroner må mannen betala 1500 kroner i sakskostnader.