Hopp til innhold

Må avlyse Nordfjordrittet

Nordfjordrittet må avlyse sitt arrangement i år, Grunnen er nye reglar som tok til å gjelde frå 1. januar i år. Vegdirektoratet krev no at alle ritt må ha løypevakter som har godkjent kurs. – Det gjer at vi må avlyse, sjølv om vi har hatt god vekst dei siste åra, seier Jørgen Bergset i Sandane Sykkelklubb. I fjor samla rittet rundt 300 syklistar til start.

Nordfjordrittet 2017
Foto: Vidar Eide / Nordfjordrittet