Hopp til innhold

Må angre på asylsøknad

Iran krev at flyktningar i Norge angrar på at dei søkte asyl. Ellers får dei ikkje pass.

Angreskjema

Dette dokumentet må Mahmoud skrive under på dersom han vil ha iransk pass.

- Dei vil bruke det til propaganda, seier 40 år gamle Mahmoud som nektar å skrive under på ambassaden sitt angreskjema.

Han og familien hans kom til Norge i 2002. Mange år i uvisse vart avløyst av stor glede då dei i fjor haust fekk mellombels opphaldsløyve.

Dei kunne igjen leve som ein fri familie, og no har dei eit ynskje om å reise til Tyrkia for å treffe iranske slektningar. Men då må dei ha gyldige reisedokument. Det kan ikkje personar som har fått opphald på humanitært grunnlag få av den norske stat før det har gått tre år. I denne perioden må dei ta kontakt med heimlandet sin ambassade for å få pass.

"Møtte vanskar i Norge"

Det gjorde Mahmoud og familien. Då oppdaga dei samtidig krava frå den iranske ambassaden i Oslo. Skulle han ha pass måtte han skrive under eit angreskjema der det står følgjande:

”Ved ankomsten til Norge møtte jeg ulike vanskeligheter og søkte derfor asyl. Søknaden ble innvilget.

Med hensyn til de fasiliteter som tilbys av den islamske republikk Irans myndigheter, angrer jeg nå at jeg hadde søkt asyl, og ber med dette den islamske republikk Irans ambassade i Oslo om å utstede meg nytt pass”.

Svik mot Norge

Mahmoud meiner det vil vere eit stort svik mot Norge om han skulle skrive under på dette angreskjemaet. Han flykta frå Iran fordi det sittande regime ikkje aksepterte at han var ein politisk motstandar. For Mahmoud er det altså Iran som er problemet og ikkje Norge, slik ambassaden vil han skal skrive under på.

- Skriv eg under på dette vil det vere urettferdig mot Norge. Dette er tull, og eg skriv ikkje under på tull, seier Mahmoud som ikkje vil ha etternamnet sitt på nettet av omsyn til famlien i Iran.

- Trur du det er mange iranarar som vil skrive under?

- Ingen vil, men ein har ikkje noko val, seier han.

- Ikkje propaganda

- Det er ikkje propaganda. Kva gjer du med nordmenn som ikkje vil vere norske statsborgarar lenger? Skal ein ha tilbake passet sitt må ein angre på at ein ikkje ville ha det tidlegare, seier Jamsjid Pravizi ved den iranske ambassaden i Oslo.

Deira meining er ikkje at iranarar nødvendigvis skal angre at dei søkte om asyl i Norge, men meir ein generell anger på at dei flytta frå landet sitt. Og viss dei ein gong vil tilbake til Iran må dei signere på at dei framleis er stolte av landet sitt seier han.

Nytt for direktoratet

For utlendingsdirektoratet er praksisen som den iranske ambassaden opererer med heilt nye opplysningar. Det seier assisterande avdelingsdirektør Tone Loge Tveter, som ser alvorleg på saka.

- Når vi no kjenner til skjemaet må vi sjå nærare på kva det inneheld og kva konsekvensar det vil få for vår praksis rundt reisedokument.

Mange iranarar som ikkje vil skrive under angreskjemaet, får no verken pass hos ambassaden eller den norske stat. Men Tveter i UDI opnar no for at dei kan kome til å endre praksis og gjere unntak for dei som blir møtt med eit slikt skjema...

Kan få norsk pass

- Det er klart at vi vil undersøke saka. Vi vil jo ikkje utsetje folk for å bli møtte med slike skjema. Så dersom dette er praksis ved den iranske ambassaden og andre utanriksstasjonar så vil vi vurdere å gje dei norske reisedokument.

- Vil de ta det opp med den iranske ambassaden?

- Vi vil gå nærare inn i saka og sjå kva det er for noko, seier Tone Loge Tveter.

Mahmoud og hans familie har ikkje sett sin familie i Irak sidan 2002. Deira største ynskje er å kunne treffe dei i Tyrkia om ikkje lenge. Difor håpar han at UDI finn ei løysing på problemet og gir dei naudsyne reisedokument.

- Vi har ikkje sett familiemedlemmene våre på lenge, og dei har også lyst til å besøke oss, seier han.