Hopp til innhold

Må 90 dagar i fengsel for uprovosert vald

Nordfjordingen slo laus mot hovudet på ein annan mann. No ventar tre månader bak lås og slå.

Mannen tidleg i 30-åra tilstod utan atterhald då han i Fjordane tingrett måtte svare for seg etter ein valdsepisode som fann stad i romjula i fjor.

Ifølgje tiltalen slo han meir enn ti slag med knytt neve mot ein annan mann sitt ansikt og hovud. Offeret fekk to kutt som måtte syast og fekk i tillegg hår rive av frå bakhovudet. Som følgje av valden vart vedkommande sjukmeld i ein kortare periode.

Fjordane tingrett meiner det er straffeskjerpande at valden skjedde uprovosert.

«Sjølv om sikta kjende seg krenka i situasjonen, er det svært lite, om noko i det heile, å laste den fornærma for situasjonen», skriv retten i dommen.

Retten meiner også at det er viktig å reagere strengt mot vald utøvd av rusa ungdom på fest. Det blir vist til at denne typen vald er svært utbreidd og ofte fører til alvorlege skader.

Nordfjordingen er dømd til nitti dagar i fengsel. Han må i tillegg betale vel 600 kroner i erstatning til mannen han slo til, dette for å dekke legeutgifter.