Hopp til innhold

Må 36 dagar i fengsel for råkøyring

Vart tatt i 168 km/t i 80-sona i Lærdalstunnelen på E16 i Sogn.

Lærdalstunnelen
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Ein sogning i 40-åra må sone 36 dagar i fengsel for råkøyring i Lærdalstunnelen tidlegare i år.

Politiet var sjokkerte over farten

Det var i januar at sogningen vart målt til 168 kilometer i timen i 80-sona i Lærdalstunnelen.

Både Trygg Trafikk og politiet gjekk i etterkant av hendinga ut i media og sa dei var sjokkerte over den høge farten.

Sogningen tilsto forholdet og saka gjekk som tilståingsdom i Sogn tingrett.

Køyrde over det dobbelte av fartsgrensa

I retten si straffeutmåling vart det lagt vekt på kor mykje over den tillate hastigheten sogningen hadde.

Ein fart på 168 kilometer i timen er over det dobbelt av det som er lovleg på strekninga, nemleg 80 km/t.

Retten meiner mannen må få ei streng straff ettersom han utsette både seg sjølv, og andre for betydeleg fare.

Sjølv om det ikkje er mange forstyrrande element i trafikkbilete i ein tunnel, finn retten det samla sett straffeskjerpande at råkøyringa fann stad i ein tunnel. Mellom anna vert det vist til at ei ulukke, med for eksempel bilbrann som resultat vil kunne utvikle seg til ei katastrofe.

Fekk strafferabatt

Retten meiner det ikkje er tilstrekkeleg å straffe den grove fartsoverskridinga med fengsel på vilkår eller samfunnsstraff. Og dei rekna i første omgang 40 dagar fengsel som passande.

Tilståinga til sogningen gav han strafferabatt, og han vart dømt til 36 dagar fengsel.

Mannen er også dømt til å vere utan førarkort i 2 år og 8 månadar.