NRK Meny
Normal

Sunnfjording må i fengsel for vald mot sambuarar

Sunnfjordingen i 30-åra vedgjekk turbulente forhold, men nekta for å ha vore valdeleg mot sine to tidlegare sambuarar. No må han 18 månader i fengsel.

Det var påstand mot påstand då sunnfjordingen møtte to tidlegare sambuarar i Sogn og Fjordane tingrett. Mannen stod på sitt, han hadde ikkje vore valdeleg.

Kvinnene derimot fortalde derimot om fleire valdsepisodar og nedsettande kommentarar.

I alt vart det ført 17 vitne i saka før fleirtalet i retten konkluderte med at begge kvinnene levde i eit «regime» prega av kontinuerleg utryggleik og frykt for vald.

Hendingane skriv seg nokre år tilbake i tid. Som i dei fleste saker som gjeld vald i nære relasjonar, vart påstand mot påstand i retten. Fleirtalet fann likevel forklaringane til dei to kvinnene mest truverdige.

Ei av kvinnene fortalde om eit turbulent forhold over fleire år. Det siste året endra forholdet seg til det verre. Deira felles barn vart tidvis plassert hos mor hennar for at det ikkje skulle få med seg all kranglinga.

Mannen vedgjekk at det var mykje krangling. Sjølv hevda han at begge partar var like ufine og hadde like mykje ansvar for episodane.

Den andre kvinna fortalde at det var lite som skulle til for at mannen vart aggressiv når han drakk. Då kunne han komme med nedsettande uttrykk, dytte og slå.

Mannen var avvisande til dei fleste skuldingane frå kvinna, men erkjende å ha blitt provosert ved eitt par høve.

Ved fleire av hendingane var det ingen vitne og med få unntak fortalde kvinnene andre om valden. I det store og det heile fann retten at kvinnene prøvde å leve som normalt og overbeviste dei rundt seg med dekkhistorier.

Mindretalet fann ikkje kvinnene sine forklaringar meir truverdige enn tiltalte, og meinte at kvinnene var like ansvarlege som mannen for dei turbulente forholda.

Fleirtalet fann mannen skuldig etter tiltalen og fann det straffeskjerpande at han utsette to kvinner for vald. Retten meinte likevel at det ikkje var tale om den mest graverande valden.

Vald i nære relasjonar er likevel eit stort problem.

– Dei somatiske og psykiske verknadane kan ofte vere langvarige, skriv retten.

Mannen vart dømd til fengsel i eitt og eit halvt år. Han må også betale kvar av kvinnene 70.000 kroner i erstatning. Mannen må også betale 10.000 kroner i sakskostnader.

Vegopning på Bergum i Førde kommune