Hopp til innhold

Må 16 dagar fengsel og får karantene på førarkortet

Ein mann i 20-åra er i Fjordane Tingrett dømd til fengsel i 16 dagar for brot på vegtrafikklova.

Fjordane tingrett

AKTLAUS KØYRING: Nordfjording må i fengsel etter aktlaus køyring.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Hendinga mannen er dømd for fann stad i april 2014. Natt til 13. april køyrde mannen bil, han spant rundt, mista kontroll på bilen og køyrde inn ein bil som stod parkert på staden.

Det blei skadar på begge bilane.

Mannen forlét staden utan å varsle verken politi eller eigaren av bilen han hadde køyrt inn. Hadde heller ikkje gyldig førarkort.

Det som gjer at retten har reagert med så vidt streng straff som dei gjer er at nordfjordingen fekk ein kamerat til å forklare seg falsk om hendinga.

Då saka kom for retten tilstod han utan atterhald, noko som gjorde at retten fann å gi han 20 prosent strafferabatt.

Han er no dømd til 16 dagar i fengsel utan vilkår, og sju månadar sperrefrist på førarkort. Sperrefristen blir rekna som ferdig sona sidan hendinga fann stad i april 2014.