NRK Meny
Normal

Lyst på ein tur til Rævholdalen?

Det har vore stor ståhei rundt «Trollpikken» i Rogaland, og kanskje har ein funne Sogn og Fjordane sin versjon i Eid. Fylket vårt er elles fullt av stader med artige, og kanskje litt vulgære namn.

Lisjekaren

LISJEKAREN: Her er Sogn og Fjordane sitt bidrag i «Trollpikken»-kategorien. Innsendar, Steinar Daviknes har døypt den «Lisjekaren».

Foto: Steinar Daviknes

Fleire gonger har Steinar Daviknes frå Nordfjordeid gått på turar forbi denne artige skulpturen ved Tortenholsvarden i Eid kommune. Kanskje er dette Sogn og Fjordane sin heilt eigne «Trollpikk»?

– Det er ein liten eksklusiv sak ein ikkje finn så mange stader i fjellet, og den er på ein stad ikkje ange andre brukar å gå, seier Steinar Daviknes.

Daviknes hadde eigentleg ikkje tenkt ovet at fjellet likna ein «pikk» før han fekk med seg alt oppstyret rundt attraksjonen i Egersund. Han døypte fjellformasjonen i Eid til «Lisjekaren».

Stadnamn du garantert dreg på smilebandet av

Stadnamnforskar, Kristian Solvang har jobba med å digitalisere mange stadnamn i fylket, og fortel om mange artige og litt vulgære namn ein finn rundt om.

Kristian Solvang

NAMNEFORSKAR: Kristian Solvang har komme borti mange artige stadnamn i arbeidet sitt. Mange av dei er kanskje misforståtte, meiner han.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– I Eid er det ein liten dal som heiter «Rævholdalen». Og kanskje enda morsommare er ein slåtteteig i Hennebygda som heiter «Forbanna Rumpa», seier han.

Namnet rumpa, betyr eigentleg ein slåtteteig som går ut i ein liten kant, ifølge Solvang. Og namnet «Forbanna Rumpa», kan kome av at det var vanskeleg å slå graset på den staden.

Fleire av våre lesarar har sendt inn namn frå fylket vårt. Her er nokre av dei:

  • Rævaskåra i Bygstad.
  • Klitten på Berleneset Bremanger.
  • Pikkhaug Sogndal og på Sørheim.
  • Kusen ved Søreide.
  • Snaufitthaugen.
  • Nedigaren som ein uttalar «niggeren».
  • Pissaren ved Kjøsnesfjorden.
  • Taska på Silda.
  • Marteræva i Vågsøy.
  • Bodlastein og bodlasteinsvatnet i Sogndal.
  • Kvi-Anje-kukjen i Utvik.
  • Køddane, to steinar i Luster.
  • Kusa, eit berg i Luster.
  • Skrevet, ei elv i Lærdal.
Klitten på Berle i Bremanger

BREMANGER: På Berleneset i Bremanger ligg Klitten.

Foto: Siv Anita Førde

Kristian Solvang trur fleire av desse namna har oppstått ved at folk har misforstått dei eigentlege namna.

– Det er mellom anna eit berg som heiter kusa. Å kuse betyr å bøye seg. Så eigentleg kjem namnet av at berget «bøyer seg framover», seier han.

Han fortel også at fleire steinar og fjell har fått namn med «pik» i seg, fordi ein pik eigentleg betyr «spiss stein». Men så har ein begynt å uttale namna med dobbel konsonant i staden.

– Også er det nokon som har hatt moro av å sette på slike artige namn. Det finst utruleg mange samanlikningsnamn, så det er mykje fantasi ute og går, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.