Hopp til innhold

Lyst på ein gammal barneheim?

Har du lyst på eit stort, lafta hus? Det kan bli ditt dersom du hentar det sjølv.

Den gamle barneheimen på Leikanger

GIR VEKK HUS: Du kan få dette huset dersom du har ein stad å plassere det.

Foto: Jon Husabø

Annonse på Finn.no

ANNONSE: Eigarane håper at nokon vil ha dette huset.

Foto: Finn.no (skjermdump)
Den gamle barneheimen på Leikanger

MYKJE Å GJERE: Det manglar golv i huset. Det gamle tregolvet vart brukt på Tørvis Hotell då dei pussa opp.

Foto: Jon Husabø
Den gamle barneheimen på Leikangar

LAFTA: Huset er bygd av solid tømmer.

Foto: Jon Husabø

Finn.no ligg den litt uvanlege annonsen der det blir gitt vekk eit stort hus, heilt gratis.

– Vi gir bort dette lafta huset dersom nokon er interessert i det, seier Jon Husabø på Leikanger i Sogn.

Han er dagleig leiar i Sanden Eigedom, og saman med fire andre kjøpte han huset for nokre år sidan.

Barneheim og barnehage

På nettstaden Finn.no ligg det 169 hus til sals i Sogn og Fjordane. Eit av desse skil seg ut frå mengda. Det gamle huset blir nemleg gitt vekk til den som vil hente det.

Huset stod ferdig i 1891 og vart brukt som barneheim heilt til byrjinga av 1970-talet. Fram til 2003 vart det brukt som barnehage.

No vil eigaren rive huset for å gjere plass til fire einebustadar på tomta.

– Vi gir vekk huset både fordi vi tenkjer gjenbruk og fordi vi slepp rivekostnadane.

– Eit solid bygg

Han er ikkje sikker på kor stort huset er, men reknar med at det i alle fall er 700 kvadrameter fordelt på etasjane. Husabø er usikker på kva det kan brukast til.

– Det har eg ikkje peiling på. Men dersom nokon har lyst på det, så ver så god. Huset er lafta, men har vanleg kledning utanpå. Så det er eit solid bygg.

Alt eller ingenting

Eigarane er berre er interesserte i å gi vekk heile huset under eitt, ikkje stykkevis og delt.

– Her blir det alt eller ingenting.

Og med eit så stort hus er det ikkje berre å setje det på eit lasteplan å køyre av garde.

– Dersom nokon vil ha, skal dei få tid på seg til å ta det ned.

Har fått fleire telefonar

Og dei har fått respons på den litt uvanlege annonsen.

– Vi har fått nokre telefonar, frå heile landet. Vi har sendt ut informasjon til dei som har bede om det. Dersom ingen vil ha det, så riv vi det. Men det er strenge reglar for riving og kostar ein del kroner. Difor håper vi at nokon kan sjå nytten i dette bygget.