Hopp til innhold

Lyst å stå på scena med KORK?

Er du ein talentfull ung musikar? Då kan du få spele eller synge med det som er eit av landets beste symfoniorkester

KORK

KLARE: Kringkastingsorkesteret gler seg til å kome til Sogn og Fjordane for å spele saman med nokre av dei beste musikarane frå fylket. I november blir det galla og fest i Operahuset.

Foto: Blunderbuss/NRK

I november kjem Kringkastingsorkesteret for å spele med kjende artistar frå Sogn og Fjordane i Operahuset på Nordfjordeid.

Første gong i fylket

Arrangørane leiter nemleg etter unge talent som er gode på instrument som passar i eit symfoniorkester.

Er du heldig kan du få spele eller synge saman med dette store kjende orkesteret på nærare 60 musikarar. Det er aller første gong at Kringkastingsorkesteret besøker Sogn og Fjordane, så dette vert ei unik hending.

Publikum på 2500

Det er NRK Sogn og Fjordane som arrangerer konserten saman med Operahuset Nordfjord og sponsorane Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebanken Vest, Fjord1, Sogn og Fjordane Energi og Sunnfjord Geosenter. Totalt vil eit publikum på oppmot 2500 få oppleve konsertane.

– Vi har fått med oss ei rekke kjende artistar frå Sogn og Fjordane som skal delta på konserten. No er vi i tillegg på leit etter nokre unge musikarar som har ein draum om å få spele eller synge med eit symfoniorkester, fortel Stian Sjursen Takle som er prosjektleiar for KORK i Sogn og Fjordane.



Må vere rask

KORK til Sogn og Fjordane

INVITERER: Desse ønskjer å sjå mange talent frå Sogn og Fjordane på scena i Operahuset saman med Kringkastingsorkesteret. Geir Holmen i Operahuset, Edvin Helgheim leiar for jubileet til Sogn og Fjordane, Stian Sjursen Takle prosjektleiar og Øyvind Lyslo frå kulturavdelinga til fylkeskommunen.

Foto: Tommy Bredesen

Dei som har lyst å melde seg på sender ein epost med all viktig informasjon om seg sjølv til lutt@nrk.no. Sidan dette er eit stort arrangement, og mange detaljer skal på plass, er det kort frist for påmelding.

– Før sommarferien må vi ha inne alle som har ein draum om å få spele med KORK. Det er berre å hive seg rundt og ta sjansen, seier Sjursen Takle.

Skal feire fylket

Konsertane i Operahuset skal også vere med å marke avslutninga for den store feiringa av at Sogn og Fjordane i år er 250 år. På fredagen skal også om lag 1000 skuleelevar få sjå konserten på generalprøven som ein del av den kulturelle skulesekken.

I tillegg vert det totalt tre konsertar fredag og laurdag som er opne for alle. Billettsalet er i full gang, og det er begynt å bli fullt på den eine førestillinga.