Hopp til innhold

Lysfenomen på Lammetun

I ei hole på Lammetun i Fjaler er det eit heilt spesielt lysfenomen.

Jostein Solberg med lysfenomenet på Lammetun
Foto: Ragnar Bull

15 meter nedover i fjellet ligg eit 60-70 kvadratmeter stort vatn. Når lyset kjem på steinane rundt vatnet, skin det i ein nydeleg farge.

- Like fascinert

Ragnar Bull i Holmedal såg dette flotte lyset alt for eit par år sidan. Den gongen gjorde han ikkje noko med det. Men no er området som lyser blitt større, og Bull er like fascinert.

- Det var store felt på ein halv kvadratmeter som lyste mot oss med ein smaragdgrøn farge. Det var akkurat som store katteauge.

Lysmose er årsak

Lysmose
Foto: Ragnar Bull

Lysfenomenet i berghola på Lammetun gjorde han så nysgjerrig at han sende prøver til professor i biologi ved Universitetet i Bergen, Tor Tønsberg. Han kan fortelje at det er ei form for mose som blir kalla lysmose, eller Schistostega Penata på latinsk, som er årsak til lyset. 

- Mosen har ein sjeldan eigenskap, han har nokre linseforma celler som kan fange opp veldig dårleg lys som det ofte er i slike grotter og reflektere lyset slik at det blir samla og blir offfatta som sjølvlysande, men det er den ikkje. Lysmosen er ikkje vanleg, men ikkje spesielt sjeldan heller.

- Fleire burde få sjå fenomenet

Tønsberg trur det finst 6-7 eksemplar av denne mosen frå Sogn og Fjordane på Universitetet i Bergen, og Bull meiner fleire burde få sjå den.

- Ja, eg har no vandra rundt i naturen i 60 år, og har ikkje skjedd noko liknande før. Det var ei skikkeleg naturoppleving.