Lysestakane framleis vekk

Dei fire lysestakane som vart stolne frå Stedje kyrkje for fire månader sidan er framleis ikkje komne til rette.

Lysestakane er svært verdfulle, i og med at dei har stått i kyrkja i snart 400 år.

Politiførstebetjent Johnny Lilleng ved Sogndal politistasjon seier til Sogn Avis at dei ikkje ser bort frå at det er snakk om eit tingingstjuveri. Politiet er interessert i tips frå publikum.