Lysare for ortopedi i Lærdal

Det vert lettare å skaffe pengane som trengst for å berge ortopediklinikken ved Lærdal sjukehus. 

 

Lærdal Sjukehus
Foto: NRK

Avdelingsoverlege Truls Jellestad snur og godtek eit krav om at minst 70 prosent av pasientane ved ortopediklinikken skal kome utanfrå Sogn og Fjordane.

Ortopediklinikken i Lærdal vart oppretta for nesten to år sidan, mellom anna for å ta unna skulder-, hofte- og knepasientar som står på venteliste andre plassar i landet. Helse Vest gjekk inn med fire millionar kroner for å få dette til. Desse pengane fall bort i januar i år, og for ein månad sidan vedtok Helse Førde å redusera tilbodet ved ortopediklinikken kraftig.

Men helseføretaket er framleis i dialog med Helse Vest for skaffe pengar som kan berge klinikken i Lærdal. Dette arbeidet støttar Jellestad, men han har tidlegare ikkje villa godta eit krav om at minst 70 prosent av pasientane skal koma utanfrå Sogn og Fjordane. Når Jellestad no snur og seier seg villig til å gi ein slik garanti, håpar han det kan få Helse Vest til å spa oppatt millionane dei trekte tilbake ved nyttår.

Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, er glad for dei nye signala frå avdelingsoverlegen. Øberg meiner det gjer arbeidet med å skaffe pengane til ortopediklinikken lettare når Jellestad godtek eit absolutt krav.

Øberg kan i dag ikkje seie noko om kva sjansar ortopediklinikken har til å overleve. Det vil heller ikkje plansjef i Helse Vest, Hans Stenby. Stenby kan enno ikkje seie noko om klinikken i Lærdal får fleire helsekroner å rutte med.

Jellestad trur ikkje det skal bli vanskeleg å oppfylla eit absolutt krav. Det gjer klinikken allereie i dag.

 

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.