Hopp til innhold

Deltok i sitt 75. maraton og sette ny personleg rekord i eit heilt spesielt løp

– Dette er det mest elleville eg har vore med på, seier ein strålande glad Terje Lyngstad etter å ha sett ny personleg rekord på maratondistansen.

Boston Maraton/Terje Lyngstad

SPESIELL DAG: Terje Lyngstad er nøgd med løpet og tida si, på ein spesiell dag full av kjensler på grunn av terroren som ramma maratonet i Boston i fjor.

Foto: Jared Wickerham, AP/Veslemøy Lyngstad

Han sprang dei 42.195 metrane under Boston Maraton på 2:56:34. Og ikkje nok med at tida var god, han sprang også sitt 75. maraton.

– Det var heilt herleg. Så fort har eg aldri sprunge før. Eg hadde ambisjonar om to timar og femti minutt, men det var for ambisiøst. Eg kjende på dei to siste kilometrane at eg heldt på å bryte saman, fortel han på telefon frå USA kort tid etter han har kome i mål.

Bestemte seg for å reise tilbake

Men for Terje Lyngstad og dei 36.000 andre som stilte til start, var det ei heilt spesiell oppleving og ein dag full av kjensler. Under løpet for eitt år sidan eksploderte to bomber mellom publikum som hadde samla seg ved mållinja.

Boston-bombene er det verste terrorangrepet i USA sidan 11. september 2001. Bombene tok tre liv og 264 menneske blei skadd.

Lyngstad hadde fullført løpet og forlate området sju minutt før det small. Han bestemte seg med ein gong for å reise tilbake til Boston for å springe ein ny maraton.

– Eg var aldri i tvil om at eg skulle gjere det, seier han.

Var ikkje redd

Det har vore skjerpa tryggleik dagane før løpet og på sjølve løpsdagen. Han fortalde til NRK.no i går at det var mykje synleg politiet i gatene. Men han gleda seg til å komme i gang med løpet og i dag fortel han om ei fantastisk stemning i gatene.

– Publikum var heilt eineståande. Der dei andre stader «heier», så hyler og skrik dei her. Eg følte stemninga var høgare enn den var i fjor, sjølv om den var meir lada. Og vi har følt oss veldig trygge her, vi var ikkje redde, seier han.

– Reiser du tilbake til Boston for ein ny maraton?

– Eg har forelska meg slik i denne bye og dette løpet at det er vanskeleg å la vere å reise bort igjen. Eg har allereie fått spørsmål frå ein kamerat om vi skal reise bort neste år.

Lyngstad reknar med at han i løpet av 2014 skal fullføre 12–13 maraton. Allereie til helga er han på plass i Bergen.

– Men det er på heimebane eg har mitt neste store mål, nemleg å sette nok ein ny personleg rekord. Denne gongen under Jølster maraton i juli, seier Lyngstad.

Det var Meb Keflezighi fra USA som vann Boston Maraton med tida 2.08.37. Rita Jeptoo frå Kenya blei beste kvinne med tida 2.18.57.