NRK Meny
Normal

Gir seg etter 12 år som teatersjef

Terje Lyngstad gir seg som teatersjef for Sogn og Fjordane teater etter snart 12 år i stillinga. Sjølv tykkjer han det er nok.

Terje Lyngstad

GIR SEG: Teatersjef ved Sogn og Fjordane teater Terje Lyngstad gir seg etter 12 år som teatersjef.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er jo litt rart å sjå ei stilling lyst ut eitt og eit halvt år før eg skal slutte, seier den avtroppande teatersjefen Terje Lyngstad.

Sidan 2004 har Terje Lyngstad vore teatersjef ved Sogn og Fjordane teater. Når åremålet hans går ut i 2016 gir han seg. I dag blei stillinga som teatersjef lyst ut. Når Lyngstad går av om to år har han leia teateret i 12 år.

– Eg har ei stund att i jobben og då må eg prøve å skjøtte så godt som mogleg. Det kjennest som om eg er i eit lite vakuum i forhold til slik det var tidlegare. For dei fleste planar er lagt, og no skal ein gjennomføre det, seier han.

I samband med at teateret i 2013 sette opp eit stykke om løparkongen Mensen Ernst frå Fresvik sette Lyngstad seg som mål å springe ein distanse som svarar til ti maratonløp – iført ein påfugldrakt.

No er det nok

Terje Lyngstad under Jølster Maraton

PÅFUGL: Terje Lyngstad har delteke i ein del løp iført denne påfugldrakta.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Snart sluttar den springeglade teatersjefen i jobben. Sjølv meiner han det kanskje er på tide.

– Det er knytt mest gode kjensler til det. Eg har trass alt vore her i 10 år i år, og det blir 12 år til saman. Det synst eg er nok, og eg trur det er andre som synst det er nok, og det skal bli friskt med eit nytt menneske i den stolen der. Det er eg sikker på, seier han.

– Har du vore kontroversiell?

– Nei, det veit eg ikkje, men eg merka jo det på den kritikken teateret har blitt utsett for enkelte gongar. I det siste har det gått direkte på kompetansen til teatersjefen. Eg har ikkje kunstnerisk bakgrunn. Noko som har vore ein av dei sterkaste kritikkane, seier Lyngstad.

Oppteken av det lokale

Teatersjefen trur ikkje han har vore kontroversiell utover det.

– Eg har hatt eit kunstnarisk prosjekt som har vore knytt til det å jobbe med den lokale historia, det lokale stoffet og dei som skriv som kjem her ifrå, seier han.

– Dei tema vi har teke opp har av og til vore kontroversielle, men eg trur vi har stått oss bra på å gjere det, seier han.

Ein spenstig teatersjef

Lyngstad seier det er vanskeleg å vite kva den nye teatersjefen bør ta med seg inn i jobben.

– Eg håpar vi får ein entusiastisk teatersjef for Sogn og Fjordane teater som kan løfte teater inn i ei slags ny tid. Vi ser jo at heile media er annleis, med måten vi brukar underhaldningstilbod på. Og til å engasjere gjennom teateret sine verkemiddel treng vi ein spenstig teatersjef som og har visjonar og sterke leiareigenskapar som kan få med seg heile huset, seier Lyngstad.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå