Hopp til innhold

Lynet slo ned i flyet til Fannemel

Anders Fannemel fekk seg ein støkk då lynet slo ned i flyet han sat i.

Anders Fannemel

SAT I FLYET: Anders Fannemel er i Russland for å hoppe verdscup - men oppladinga vart ikkje den beste.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det small noko sinnsjukt og byrja å blinke. Eg har aldri opplevd liknande, seier Anders Fannemel til tv2.no.

Landslaget i hopp var på veg til Sochi, der dei skal teste normalbakken som skal brukast under OL, då lynet slo ned i flyet under innflyginga.

Episoden skal ifølgje TV2 ha skjedd på torsdag, og dagen etter hadde hopparane fått dramaet litt på avstand.

Men då lynet slo ned, trudde passasjerane at motorane hadde gått i lufta.

– Eg har sete på med «cowboyfly» før, men har aldri opplevd liknande. Det er klart ein blir litt ekstra usikker då, forklarer Fannemel overfor nettstaden.

Anders Fannemel og resten av hopplandslaget skal i helga delta i verdscupen i Sochi.