Hopp til innhold

Lynet slo ned og laga skogbrann

Det oppstod ein skogbrann ved Movatnet i Førde etter at fleire lyn slo ned i området.

brann Kinna, Mo

Ein liten time etter at melding om skogbrannen kom har brannvesenet klart å sløkke brannen. Det var ei stund uvisst når brannvesenet kunne ta seg opp til brannen med tanke på faren for fleire lynnedslag.

– Etter kvart mykje regn i området hjelpte på då brannvesenet fekk starta sløkkingsarbeidet, seier Jan Gunnar Holvik ved alarmsentralen.

Meldinga om skogbrannen kom klokka 18:10. Brannen ved Kinna skal ha oppstått etter fleire lynnedslag området ved Movatnet. Lynet skal ha slått ned i ein sendar som har gjort til at brannen starta.

– Brannvesenet har kome frå til stien som går fram til sendaren ved Kinna der brannen starta, men dei har ikkje gått opp med tanke på fare for fleire lynnedslag, opplyste vakthavande ved alarmsentralen, Jan Gunnar Holvik til NRK.no før brannvesenet hadde fått begynt med sløkkearbeidet.

Brannvesenet snakka med folk i nærleiken og brannen var lenger opp enn der det er hus.

– Sløkking av brannen er enda ikkje begynt med tanke på eigen tryggleik. Brannen skal ikkje vere så veldig stor, men det er klart at faren for spreiing er der. Marka er tørr, noko den har vore lenge no, sa Holvik medan det framleis brann i skogen.

Holvik seier det var i alle fall åtte mann på plass. Alle naudetatar vart varsla.

– Det har vore tørt, noko som er optimale forhold for slike brannar å starte. Men no regnar det så vi får håpe det er med på å avgrense brannen, seier Holvik