Hopp til innhold

Luttkonsertar på tre festivalar i sommar

For første gong skal Lutt ha sending frå tre festivalar denne sommaren. Ei rad etablerte og nye musikalske talent skal stå på NRK-scenene under Countrylutt, Sommarlutt og Folkelutt.

Publikum under NRK SommarLutt

SOMMARLUTT: Her spelar Svelekameratene under Malakoff Rockfestival. No er dei klare for NRK Sommarlutt for første gong.

Foto: Øystein Torheim

Mellom anna får du sjå Urørtvinnarane Pony The Pirate i countrydrakt og Comet kid skal sjarmere Sommarlutt.

Det har blitt ein lang tradisjon for NRK Sogn og Fjordane å arrangere sommarkonsert under Malakoff Rockfestival, men i år skal det også arrangerast konsertar både under Norsk Country Treff og Førdefestivalen i tillegg.

Ferske talent

– Vi gler oss veldig over artistlista. Det blir tre svært gode og varierte konsertar som kvar og ein er prega av festivalen vi samarbeider med, seier prosjektleiar Stian Sjursen Takle.

På artistlista som vert presentert i dag står det kjende namn som Sigrid Moldestad, Jørn Trollebø Kvalheim, Comet Kid og Unni Løvlid, men også heilt nye ferske talent som Gunn Marit Kvåle og I See Rivers.

Tre unike konsertar

– Målet med Luttkonsertane er å vise fram kor mange fantastiske musikarar frå Sogn og Fjordane som finst. Det har rett og slett vore ei glede å sette saman desse tre konsertane. Publikum kjem til å få oppleve tre heilt unike konsertar tre fredagar på rad, fortel Sjursen Takle.

Alle konsertane vil NRK Sogn og Fjordane sende direkte på radio og nett-tv, i tillegg til at konsertane sjølvsagt er opne for publikum.

Startar i Førde

Sommarkonsertane startar i Førde med NRK FolkeLutt der Linda Gytri Trio, Unni Løvlid, Gro Marie Svidal og Firda Spelemannslag står på plakaten.

– Det er veldig kjekt at vi har fått til samarbeid med NRK Sogn og Fjordane om FolkeLutt-sending for første gong under Førdefestivalen til sommaren. Vi har all grunn til å vere stolte av folkemusikktradisjonane og utøvarane i fylket vårt. Vi har mange og svært spennande artistar frå fylket som hevdar seg både nasjonalt og internasjonalt, seier direktør for Førdefestivalen Hilde Bjørkum.

Ho gler seg over at publikum no får sjansen til å høyre både nye folkemusikktalent og utøvarar i toppsjiktet nasjonalt innan tradisjonsmusikken frå eige fylke.

Sommarlutt 2013

GOD MUSIKK: For publikum er det mykje å gle seg til sommar.

Foto: Øystein Torheim

Piratar i countryversjon

Helga etter flyttar scena til Norsk Country Treff på Breim der du får oppleve Sigrid Moldestad i sitt Blågras-prosjekt, Pony The Pirate, Olav Stedje, Gunn Marit Kvåle og Tiffany Roxanne Houston.

– Det blir spennande å sjå korleis Pony The Pirate sin musikk blir i countrydrakt. Bandet som vann urørtfinalen i NRK P3 for nokre år sidan har fått i utfordring å omgjere nokre av sine låtar til countryversjonar. Resultatet får du berre sjå under denne konserten, fortel Sjursen Takle.

– Det er utrulig kjekt å samarbeide om ein eigen CountryLutt! Countrysjangeren er ikkje den sjangeren med størst rekruttering av nye artistar her i fylket. Difor er det ekstra stas å kunne gje dei som er innanfor vår sjanger, ei eiga scene og ein ekstra mulighet til å vise seg fram, også utover vårt publikum som er på festivalen, seier Kristin Sandal i Norsk Country Treff.

Svelene til Sommarlutt

Konsertserien vert avslutta på Nordfjordeid med NRK Sommarlutt frå Malakoff Rockfestival. Der kan du glede deg til å oppleve det sjarmerande livebandet Comet Kid, Jørn Trollebø Kvalheim frå Idol, rockarane i Drusar, legendene i Svelekameratane og I See Rivers.

Under denne konserten deler også Sparebanken Vest ut stipend til NRK SommarLutt-talentet 2015.

– Vi er særs glade og stolte av å kunne presentere årets NRK Sommarluttartistar i samarbeid med Luttredaksjonen. Det er viktig og riktig at det vert satt ekstra fokus på musikk frå fylket. Årets artistar er ei herleg samling av Sunnfjordrock, Eidarock, Stadtlandet/Førde-folkpop, Vågsøyrock og Gloppenfolkpop. Kan ikkje bli betre enn dette, seier ein smilande festivalsjef for Malakoff Arnt-Ivar Naustdal.

Her er oversikta over konsertane

  • NRK FolkeLutt fredag 3. juli 1500-1600
  • NRK CountryLutt fredag 10. juli 1500-1600
  • NRK SommarLutt fredag 17. juli 1300-1500