Hopp til innhold

Vil erobre landet på Sognemål

Rockebandet Tyyl! frå Sogn trur ikkje dialekta set stoppar for suksess.

Tyyl!

Tyyl! på scena under sommarlutt frå NRK Sogn og Fjordane på Malakoff Rockfestival 2010.

Foto: Øystein Torheim

Klar med første plate

Gruppa Tyyl! gir i slutten av månaden ut si første langspelplate med tittelen "Ber Bod." Dei fire karane i bandet har fått mykje merksemd fordi dei skriv og framfører tekstane sine på klingande sognemål.

Les og; Tyyl! klare for by:larm
Les og; Tyyl! meiner alt for mange syng på engelsk.

- Skil oss frå dei andre

- Eg trur dialekta er med på å skille oss ut frå alle andre rockeband. Tekstane og dialekta er med på å gi konsertane våre ei unik stemning. Med titlar som "Trø meg ned i driten" og "Heimalamb," hugsar folk oss seier Torkjell Solbraa som er gitarist og ein av vokalistane i Tyyl!.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Tyyl!

Tyyl! speler for omlag 1000 tilskodarar og radiopublukum under NRK sitt sommarlutt frå Malakoff Rockfestival 2010.

Foto: Øystein Torheim

- Set ikkje grenser

- Du trur ikkje at dialekta kan sette grenser for bandet då?
- Nei, no satsar ikkje vi internasjonalt. Så for vår del trur eg dialekta berre er ein styrke. No er det jo også band som syng på sognedialekt som har internasjonal suksess. Til dømes Vreid. Så det er slett ikkje umogleg, men det er ikkje der vi har fokuset vårt, seier Solbraa til NRK Sogn og Fjordane.

Lang plateinnspeling

Nett no er bandet spent på hausten. I månadsskiftet kjem endeleg debutplata ut. Plateinnspelinga har tatt lang tid. Mellom anna fordi studioet vart stengt på grunn av asbestfunn.
Les og; Asbest stoppa plateinnspeling

Sjå og; Sjå konserten til Tyyl! frå Sommarlutt på Malakoff.

Bandet prøver seg også på Fylkestoppen til NRK Sogn og Fjordane 19. august med låta "Høyr Itte" frå den kommande plata.

Tyyl! er: Håvard Øyrehagen - vokal og gitar, Vegard S. Loftesnes - bass, Jon Landsem - trommer, Torkjel Solbraa - gitar og vokal.
Sjå Sommar:Lutt i reprise