Hopp til innhold

Eva er årets artist frå Sogn og Fjordane

Eva Weel Skram frå Sogndal vart laurdag kveld tildelt Luttprisen – årets artist frå Sogn og Fjordane.

Eva Weel Skram får Luttprisen 2011
Foto: Øystein Torheim/NRK.

Det er Luttredaksjonen i NRK Sogn og Fjordane som deler ut prisen kvart år. Vinnaren er stemt fram av 17000 røyster frå lyttarar, samt ein breidt samansett fagjury.

Suksessfult år

Fagjuryen trekker fram Eva si evne til å skrive gode poplåtar og formidle dei på ein sterk og musikalsk måte som når eit breidt publikum.

I fjor var det folkemusikaren Sigrid Moldestad som fekk tildelt prisen under Julelutt i Operahuset Nordfjord.

– Eva som skriv mange av låtane saman med ektemannen Thomas Stenersen, har ei av dei beste popstemmene i Norge. Ho har lagt bak seg nok eit suksessfult år. I februar gav ho og bandet Eva & The Heartmaker ut plata «Dominoes», der fleire av spora har vore blant dei mest spelte i norsk radio.

Får 25 000 kroner

Norske platemeldarar likte Dominoes, og trykte sogndølen til sitt bryst både som vokalist og låtskrivar. 26-åringen frå Sogndal har gjesta dei største festivalane i Norge, men også vore sterkt synleg på scenene i heimfylket, meiner juryen.

Dei legg også vekt på at ho og bandet er blitt lagt merke internasjonalt av MTV og Italienske musikkelskarar, så vel som meldarar i New York Post.

Luttprisen er eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim og eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest. Prisen vart utdelt av distriktsjef i NRK Sogn og Fjordane Rolf Sanne-Gundersen.

Juryen

I juryen sat Arnt-Ivar Naustdal frå Malakoff Rockfestival, Jan Inge Fardal i Sogn Avis, Atle Stalheim i Sparebanken Vest, Ronny Brede Aase i NRK P3, Øyvind Lyslo i Sogn og Fjordane fylkeskommune og Stein Aase i NRK Sogn og Fjordane.