Hopp til innhold

Spelar inn ny plate i gammal gymsal

Seks musikarar brukar siste rest av sommarferien på å spele inn plate i ein gammal gymsal på Nordfjordeid. Til hausten kjem bandet Lothe, med Odd Erik Lothe i spissen, med sitt første album.

Fire år har gått sidan Odd Erik Lothe gav ut sitt siste album, då under artistnamnet Fabel 07.

Når 39-åringen igjen skulle gå i studio, fall ikkje valet på eit av dei mange studioa i Oslo eller Bergen, slik dei fleste andre gjer.

– Når vi no får vere i dette fantastiske huset, i ufatteleg flott natur og heimlengselen blir tilfredsstilt på alle måtar, er dette det naturlege valet, fastslår Lothe.

Hadde gymtimar i samme lokale

Lothe sitt nye band debuterte med julesongen Stjerneklart i fjor. Forutan Lothe sjølv, består bandet av Halvor Folgerø og Tor Bjarne Bjelland, kjende frå Aftenlandet, sogningen Torbjørn Ellingsen på tangentar, Ståle Søndrål Wick på gitar og Jan Erik Reknes på trompet.

Sidan måndag har bandet øvd og spelt inn låtar i den gamle gymsalen vis á vis operahuset på Nordfjordeid.

Berre det lyse tregolvet, der oppmerkingane til handball og andre aktivitetar framleis er inntakt - og ei basketkorg på veggen, vitnar om at det no svartmåla lokale har vore gymsal. I dag er dette ein mykje brukt rockescene for eidarane.

– Her vi er no, var gymsalen då eg gjekk på gymnast. Så dette rommet har eg eit sveitt forhold til, ler Lothe.

Melankolsk album

Kjølsdølen, som for mange er kjend frå den tidlegare fylkesgruppa Fabel, er til dagleg er lærar i Oslo. Men ved sidan av læraryrket er han travelt oppteken med sitt nye band Lothe, Green Granadas og satireorkesteret Finn Erixs med blant andre Finn Tokvam.

– Albumet har arbeidstittel «Blå song». Grunnstemninga er litt blå, men etter kvart som låtane har blitt jobba fram, ser ein at paletten har fått fleire fargar. Men det er kanskje ein litt slik blå og litt melankolsk tone som ligg i botnen av prosjektet. Dei som hugsar Fabel vil nok kjenne seg att i nokre av låtane. Nokre meiner det liknar litt på Bo Kaspers Orchester, forklarer Lothe.

– Brukar gjerne litt ferie på dette

Halvor Folgerø, som trakterer kontrabassen, har spelt inn fleire plater saman med bandet Aftenlandet. Han er full av lovord om det noko spesielle innspelingslokalet på Nordfjordeid.

– Det er fantastisk moro. Det er vel verdt å bruke litt ferie på dette. Odd Erik Lothe har nok sveitta ut mang ein gymsokk i dette lokalet. Det er eit veldig fint og tett lokale, seier Folgøre som for mange også er kjend som programleiar i Vestlandsrevyen og Førkveld på NRK1.

Fornøgd produsent

Ei trapp ned, i kjellaren, og utan augekontakt med bandet, sit produsent Geir Luedy frå det bergenske plateselskapet YFM, Your Favorite Music.

– I forhold til der eg pleier å jobbe, er det eit fantastisk rom, seier Luedy om gymsalen der musikarane sit.

Produsenten er svært begeistra over den gode akustikken.

– Det er eit veldig bra rom, fastlår Luedy som tek med seg opptaka for ferdigmiksing i Bergen.

Plata er truleg på marknade rett over jul.

Held konsert laurdag

Laurdag spelar Lothe konsert i Gymmen på Nordfjordeid, der opptaka til det nye albumet er gjort. Her vil publikum få høyre det nye låtmaterialet, men også gamle slagerar frå Odd Erik Lothe si tid med Fabel.

Konserten vil bli tatt opp, og planen er å ta med dei gamle Fabel-låtane i live-innpakning som bonusmateriale på Lothe-albumet.