NRK Meny
Normal

Sjå og høyr Line si julelåt

Live frå NRK Julelutt i Trivselshagen på Sandane 24. november 2012.

Line frå Julelutt 2012. Video er produsert av 2. klasse medium og kommunikasjon Firda vidaregåande skule. Lyd: Øyre lyd.

Line Dybedal Vederhus, si heilt nye julelåt «Vinterkveld» er for tida blant dei mest spelte låtane på NRK P1.

- Må ta vare på kvarandre

- Den handlar om at vi må ta vare på kvarandre medan vi kan. Nokre gler seg til jul, andre ikkje. I vinterhalvåret, når årstida er kald og mørk, er det kanskje enno viktigare at vi hugsar på kvarandre, seier Line om songen Vinterkveld som ho syng saman med Odd-Erik Lothe.

Dei to framførte den for aller første gong under NRK Julelutt i Trivselshagen på sandane i november. Dagen etter reiste dei saman i studio og spelte den inn, og gav den ut. Berre veker seinare er den no altså å høyre over heile Norge i NRK P1.

- Glad i jula

Line fortel at ho sjølv er over snittet glad i jul. Julemusikk, julelys, juleførebuingar, juletradisjonar, familietid og vener er ting ho sett høgt i tida vi er inne i. No er ho kanskje sjølv i ferd med å bli ein juletradisjon med melodien sin «Vinterkveld.»

Vart soloartist i år

Line kjem frå Selje, og er ein del av bandet The Pink Robots som vart årets urørt i NRK P3 i 2010. I år starta ho sitt eige soloprosjekt, og har hatt både låta «It's an Illution» og låta «Vere To» inne på spelelistene til NRK P1. Urørt har også anbefalt fleire av låtane ho har lagt ut på deira sider.

Odd-Erik Lothe under Julelutt 2012.

Line og Odd-Erik Lothe framførte saman også NRK P1-låta 'Vere To' under NRK Julelutt i Trivselshagen på Sandane i november.

Foto: Øystein Torheim

- I byrjinga leita eg litt etter meg sjølv, samtidig som eg visste absolutt kvar eg ville vere. Når NRK P1 sette «It´s an illusion» på spelelistene sine vart det redninga. Det leidde meg på rett spor igjen, og det er eg utruleg glad for, seier Line.

- Det gjer meg lukkeleg

Det komande året vil Line bruke til å lage meir musikk, både på norsk og på engelsk og klare å skilje dette frå kvarandre.
- Eg har lyst å jobbe med musikk på heiltid, slik som siste halvdel av 2012. Det gjev ikkje akkurat pengar i kassa, men det gjer meg lukkeleg, seier ho.