Hopp til innhold

Seks av ti poeng til Tonereise

- Det er ei spennande plate. Det seier tidlegare musikksjef i NRK P1 Per Ole Hagen om den nye plata til Tonereise.

Far og son Vigdal
Foto: Arne Eithun / NRK

Andre plate

Denne veka kom den nye plata til Tonereise, Lekmann, til butikkane. Dette er den andre utgjevinga frå gruppa frå Luster.

Fleire nye låtar

Tonereise under Nigardsbreen
Foto: Iren Vatne

Musikkuttrykket er også denne gongen tufta på songarven etter folkemusikaren Ragnar Vigdal, som i si tid samla hundrevis av gamle, religiøse folketonar.
- Det er mange fleire nye melodiar denne gongen enn på plata Arven. Det seier Erling Vigdal som er vokalist i Tonereise.
Høyr radiointervju med Erling Vigdal i Tonereise om Lekmann.

Best på countryaktige låtar

Per Ole Hagen
Foto: Nadia Frantsen / NRK

Platemeldar Per Ole Hagen likar best dei countryaktige låtane på plata.
- Det er eit stort spenn i plata. Alt frå åndelege låtar til country og bluegrass. Eg llikar best dei coyntryaktige. På salmelåtane får eg litt assosiasjonar til Åge Samuelsen sin tradisjon. Det vert litt enkelt. Dessutan er også tekstane betre i dei andre låtane, seier Hagen.
Høyr Per Ole Hagen si melding av Tonereise si plate Lekmann.

Gjestemusikarar

Tonereise har med seg ei rekkje gode gjestemusikarar på den nye plata. Både Linda Kvam, Espen Fjelle, Olav Torgeir Kopsland, Ole-Kristen Zweidorff og Arvid Elvekrok deltek på ulike måtar.

Litt ujamn

- Det er veldig mykje bra her. Rett nok litt ujamn, men det er mykje fint instrumentalarbeid her. Det er til og med to tre radiolåtar her, og det er ikkje verst for ei vanleg plate, seier Per Ole Hagen.

Skal ut på vegen

Tonereise skal no ut og spele og presentere det nye materialet.
- Det er veldig travelt, så vi har ikkje lagt konkrete planar. Men det blir nok ein del speling lovar Vigdal.