Hopp til innhold

Radiokongen Håkon

Håkon Njøten frå Gulen har lagt bak seg ein sommar med masse radiospeling. I juli var han faktisk mest spelt av alle på P3.

Micropops med Håkon Njøten 2
Foto: Pressefoto.

Micropops fekk i sommar svært mykje radiospeling på norske stasjonar.

Ikkje forventa

- Det betyr veldig mykje. Uten radioen hadde vi ikkje komme så langt som vi er no. Men eg hadde ikkje forventa ein slik fantastisk mottaking frå radioane, sa Håkon Njøten då han besøkte Lutt i NRK Sogn og Fjordane.
Høyr intervju og musikk med Njøten og Micropops i Lutt.

Fekk platekontrakt

Han la tidleg på sommaren inn songane på NRK P3 si teneste for ny ukjent norsk musikk, Urørt. Deretter vart han vekas artist, fekk masse radiospeling og Micropops fekk platekontrakt. I juli månad var Micropops sin Moonlight den mest spelte melodien på NRK P3.

Micropops og Håkon Njøten frå Gulen

Micropops med Håkon Njøten i skogen.

Foto: Pressefoto.

Vibrerte i heile kroppen

- Vi skjønte ingen verdens ting. Alt gjekk så fort. Men det var veldig gøy. Det vibrerte i heile kroppen dei første gongane eg høyrde melodien vår på radioen, seier Njøten.

Blanda mottaking

Debutalbumet til Micropops, Nintendo or Devotion, har fått blanda mottaking med terningkast tre og fire i VG og Dagbladet.
- Vi er godt nøgd med kritikkane. Det ikkje lett å komme med eit nytt popband og få gode terningast, seier låtskrivaren.

Ny hit på gang

Micropops er også utfordrar til den neste fylkestoppen 23.oktober. No planlegg Micropops nye spelejobbar, satsar på å gjere det bra fram mot Bylarm i Oslo og har starta på ei ny plate.
- Vi har alt ein ny melodi som vi trur blir ein hit, seier Håkon.