NRK Sogn og Fjordane hyllar Stedje

NRK Sogn og Fjordane arrangerer gallakonsert til ære for musikaren som i 30 år har gleda folk med songen sin. Gjestelista er lang!

Olav Stedje og Stian Sjursen Takle

NRK Sogn og Fjordane skipar til gallakonsert i Sogndal for musikaren Olav Stedje. – Vi vil gje noko tilbake, seier Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane.

Foto: NRK / NRK

I 30 år har Olav Stedje gleda folk med songen sin. Tida er kommen for at den folkekjære artisten skal få noko tilbake.

– Difor har vi spurt nokon av dei beste artistane frå fylket til å tolke låtane hans på sin måte, seier prosjektleiar Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane.

Lang gjesteliste


Det heile skal framførast under ein gallakonsert i Sogndal kulturhus laurdag 24. september. Det er lokalmusikkredaksjonen Lutt i NRK og Kulturhuset i Sogndal, som saman står bak initiativet for å gjere stas på sogningen.

Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad er ein av mange artistar som heidrar Stedje under gallakonserten i Sogndal i september.

Foto: Arne Eithun / NRK

På scena står artistar som Tone Damli Aaberge, Sigrid Moldestad, Finn Erix, Odd-Erik Lothe og Per Hillestad. Det vil også dukke opp fleire overraskingar i løpet av festkvelden.

Sjølvsagt vil også Olav Stedje delta på scena i tillegg til at han skal sitje på heidersplass i salen.

Stian og Stein leiar konserten

Luttprogramleiarane Stian Sjursen Takle og Stein Aase har følgd Stedje tett. Dei skal leie konserten i kulturhuset, og skal gi publikum små intervju med artistane om deira forhold til Olav Stedje.

Olav Stedje

Lagar gallakonsert: Inge Ronny Kvåle, Atle Stalheim, Stian Sjursen Takle, Olav Stedje, Dagfinn Rude Johannesen og Geir Henning Høyheim

Foto: NRK / NRK

– Alle artistane har vore kjempepositive til å lage til denne kvelden for Olav. Dette er ein mann som har hatt mykje å seie for norsk musikk på dialekt. Han har hatt og har ein sterk posisjon i norsk musikk.

Sjursen Takle seier at Stedje er populær blant folk i alle aldrar. – Vi vandrar saman er jo ein av dei store norske klassikarane. Er det nokon som fortener ein slik kveld, så er det Olav.

Kringkastar konserten


NRK skal og gjere opptak av konserten som blir sendt i radio seinare i haust.

– Vi trur på eit entusiastisk publikum som har lyst å gjere stas på heidersmannen Olav Stedje. Her håper vi det blir trongt om plassen seier Sjursen Takle.

Billettsalet har alt starta, så ein må vere raskt ute dersom ein vil sikre seg plass denne kvelden.

Festhelg i Sogndal

– Vi kjem til å lage ei fin og spesiell ramme rundt konserten også. Her skal ein føle Stedjestemninga frå ein kjem inn i kulturhuset.

Konserten vert arrangert dagen før Sogndal møter Brann på heimebane. Dermed er det duka for ei festhelg i Sogn med både musikalske og sportslege godbitar.