Hopp til innhold

Lagde radiohit i spysjuka

Eva Weel Skram låg over bøtta med spysjuka då ho skreiv teksten til melodien som no går på radioen din kvar dag.

Eva Weel Skram
Foto: Stian Sjursen Takle/NRK.

I sommar har Eva & The Heartmaker si låt Mr. Tokyo vore blant dei mest spelte både på NRK P1 og NRK P3. Det er få som klarar å ligge på listene til den største radiokanelen og den største ungdomskanalen i Norge samstundes.

– Det er heilt fantastisk. Ei kjempeoverrasking, seier Eva Weel Skram til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eva & The Heartmaker

Eva & The Heartmaker framfører radiolåta Mr.Tokyo på sommarfest i Ortnevik sommaren 2010.

Foto: Stian Sjursen Takle/NRK.

Slengde over mikrofonen

Låta vart til ganske tilfeldig, og under litt spesielle tilhøve i London. Der budde Eva saman med ektemannen Thomas Stenersen i åtte månader i vinter og vår. Thomas, som er gitarist og låtskrivar i bandet, fekk idèen til melodien då han lærte seg eit nytt dataprogram.

– Han ville ha ein tekst til ei låt han var i gang med. Eg låg med spysjuka og orka ikkje. Men han slengde over mikrofonen, og ba meg komme med ein tekst om kva som helst. Nokre dagar seinare var låta Mr.Tokyo klar, fortel Eva.

Plateselskap ville ikkje vente

Deretter sende ekteparet låta over til plateselskapet som eit eksempel på kva dei jobba med til den kommande plata.

– Selskapet likte så godt det dei høyrde at dei meinte vi måtte gi låta ut med det same. Få dagar seinare var den ute for salg, og inne på lista til ungdomskanalen NRK P3, seier Eva Weel Skram.

Høyr låta her;
http://www.myspace.com/evaandtheheartmaker

Lagar ny plate

Mr. Tokyo er første smakebit på den kommande plata frå bandet.

– Det nye albumet vil nok bli ei blanding av det vi høyrer på denne låta, og det du høyrde på den førre plata vår, fortel Weel Skram.

Ein del av plata er alt spelt inn, og planen er at plata skal komme ut på nyåret 2011.

I Eva & The Heartmaker finn du og Alf Magne Hillestad på trommer, Ingar Blix på bass, Anne Marte Nesdal på kor og Lars Kvistum på Wurlitzer.

Låta skal også prøve seg på Fylkestoppen i Sogn og Fjordane torsdag 19. august. Høyr presentasjonen og intervjuet her: