Hopp til innhold

Folkemusikken personleg blir feira

Rolf Myklebust frå Stryn vart kalla "Folkemusikkhalvtimen personleg". 100 år etter at han vart fødd blir han feira i heimbygda.

Rolf Myklebust

Laurdag 22. november er det festkveld i Stryn kulturhus, og då blir det og avduka eit relieff av Myklebust.

Kvar søndag ettermiddag

Dei fleste med nokre år på baken hugsar sikkert Folkemusikkhalvtimen på NRK radio søndag ettermiddag. Frå 1952 til 1978 var det Rolf Myklebust som var progamleiar, han tråla land og strand, snakka med folkemusikarar og tok opp musikken dei spela. Difor er det ikkje rart at han vart kalla "Folkemusikkhalvtimen personleg".

Musikk i arv

Rolf Myklebust vart fødd i Stryn i 1908. Faren var skreddar, men på fritida var han spelemann på sin hals, både folkemusikk og klassisk musikk stod på repertoaret hans. Difor var det ikkje så rart at sonen Rolf vart musikar.

Vrang finger førde han til NRK

Rolf Myklebust

Han tok musikkutdanning, debuterte som fiolinist i 1931 og vart etter kvart førstefiolinist i Filharmonisk selskaps orkester. Men så fekk han problem med ein finger og måtte sjå seg om etter anna arbeid enn som utøvande musikar på høgt nivå.

Enormt arkiv

Han søkte og fekk jobb i NRK, og dermed starta karrieren som mellom anna har resultert i eit enormt arkiv med opptak av folkemusikk og notar. Myklebust gjekk av med pensjon i 1978, og då tok han til å skrive bok.

- "Femti år med folkemusikk" vil alltid vere eit glimrande oppslagsverk, seier Arne M. Sølvberg, som er leiar i spelemannslaget Fjelljom.

Plateslepp

Det er Fjelljom som står bak festkvelden der Rolf Myklebust skal heidrast. Det blir minnekonsert og plateslepp. På CD-en som blir lansert er det mellom anna opptak av samspel mellom Alfred Maurstad og Rolf Myklebust, og det er opptak av den legendariske spelemannen Jens Maurseth frå 1921.

Minnekonsert

På minnekonserten deltek ei rekkje lokale folkemusikarar med Arne M. Sølvberg og Sigmund Eikås i spissen, i tillegg til Sven Nyhus, som på mange måtar tok opp arven etter Myklebust i NRK.

Relieffavduking

Nyhus skal avduke ei bronseavstøyping av eit relieff som vart laga av kunstnaren Kari Rolfsen då Rolf Myklebust døydde i 1990. Relieffet får plass i Stryn kulturhus. Programleiar for festkvelden blir og på ein måte i Rolf Myklebust si ånd, ein stryning tilsett i NRK, Arild Opheim.