Hopp til innhold

Desse kan vinne Luttprisen

Bli med å bestem kven av dei 27 nominerte som kan bli årets artist i Sogn og Fjordane 2009. Over 14000 har alt levert si røyst.

Luttprisen 2009 bildekolasj

LINJENE FOR Å RØYSTE ER NO STENGT!!

Gi di røyst i skjemaet under eller på SMS. Sjå omtale av artistane og SMS-nummer under skjemaet. Ein fagjury er også med på å røyste fram vinnaren.

Prisen er også eit stipend på 15000 kroner frå Sparebanken Vest. Prisen vert delt ut under NRK Sogn og Fjordane sin julekonsert, Julelutt direkte frå Sogningen storsenter i Sogndal 18.desember kl 16-18.
KLIKK FOR Å SJÅ SENDINGA LIVE HER FREDAG 16-18.
Sjå kva artister som speler på Julelutt 2009

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

1. Maria Helgesen

Maria Helgesen

Maria Helgesen frå Selje.

Foto: Privat.

Maria Helgesen har vore den store profilen på fylkestopplista i 2009. Ho entra den 16.april og måtte etter seks runder forlate den med flagget til topps i novemberutgåva. Tre andre, ein tredje -og to topp-plasseringar er det blitt på 27-åringen frå Selje som laga si første vise tidleg i ten-åra.
Høyr Luttpriskandidat Maia Helgesen
SMS: Kodeord LUTT 1 til 1987.

2. Lena Skjerdal

Lena Skjerdal

Lena Skjerdal frå Sogndal.

Foto: Pressefoto Norcd

Lena Skjerdal er på ingen måte ukjent som artist. Ho har utmerka seg som jazz-songerinne i ei årrekke, og har studert musikk både i Trondheim og India. Lena Skjerdal har vore med i ei rekke band og er kjent som ein framifrå storbandvokalist. Men tilhengarane har måtte vente lenge på den første langspelplata frå 37-åringen frå Sogn. I haust var det slutt på ventetida. Debutplata Home var endeleg i hamn.
Høyr Luttpris-kandidat Lena Skjerdal
SMS: Kodeord LUTT 2 til 1987.

3. Billa and the Kid

Billa & The Kid

Billa and the Kid frå NRK sitt jubileum 2009.

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK

Visa om Vikahuset frå sogndølene i Billa and the Kid har vore ein av dei store lokale radioslagerane i år. Den vart vinnar av Fylkestoppen i sommar. Dei tilsette og innsette i Vikahuset og radiolyttarane har nynna i lag med sogndølene på den fengjande visa, med glimt i auga. Bandet blir kalla eit av dei beste livebanda i Sogn for tida. Dei to hadde også suksess då dei spelte visa i Vik fengsel hausten 2009.
Høyr Luttpris-kandidat Billa and the Kid
SMS: Kodeord LUTT 3 til 1987.

4. Tina Førde Refsnes

Tina Førde Refsnes

Tina Førde Refsnes frå Florø.

Foto: Trude Svardal.

Florøjenta Tina Førde Refsnes utmerka seg på LUTT-fylkestoppen i sommar med låta Put Your heart Away. Låta er henta frå plata som ho har gitt ut i lag med bandet sitt i England. Bandet som har fått namnet Ada and the Deadlocks fekk også radiomerksemd i England gjennom BBC. Alle medlemene går på Paul McCartny-skulen i Liverpool. Refsnes held på med siste året på skulen. Det er ho som har skrive Put Your Heart Away og det meste av den andre musikken til bandet.
Høyr Luttpriskandidat Tina Førde Refsnes
SMS: Kodeord LUTT 4 til 1987.

5. Steinar Engelbrektson Band

Steinar Engelbrektson Band

Steinar Dansebandet Engelbrektson Band.

Foto: Promo

Steinar Engelbrektson Band er ein av tre artistar frå Sogn og Fjordane som har vore innom VG-lista i år. Bandet gav i år ut sitt femte album. Musikkmeldar Erik Forfod i NRK gav ti av ti oppnålege poeng for årets plate, Minna som eg har. Dei ukrona dansebandkongane frå Nordfjord har slått seg opp til å bli eit av dei store trekkplastera på norske country og dansebandfestivaler.
Høyr Luttpris-kandidat Steinar Engelbrektson Band.
SMS: Kodeord LUTT 5 til 1987.

6. Torunn Raftevold Rue

Glima

Trioen Glima der Torunn Raftevold Rue er med.

Foto: Anders Kvåle Rue

Torunn Raftevold Rue er kanskje mest kjent som ei av dei sju Honndalstausene som feira 25-års jubileum sist haust. Men ho har også 12 år bak seg i trioen Glima som har base i telemark. Dei gav ut plata Tåran i 2009, og vart med den nominert til ein Folkelarmpris. Glima var også innom Fylkestoppen med Jølstraspringar.
Høyr Luttpriskandidat Torunn Raftevold Rue
SMS: Kodeord LUTT 6 til 1987.

7. Tone Damli Aaberge

Tone Damli Aaberge

Tone Damli Aaberge frå finalen i Melodi Grand Prix.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Det har vore eit fantastisk år for Tone Damli Aaberge. Ho hadde først suksess i Melodi Grand Prix, der ho enda opp med ein sterk andre plass i den norske finalen bak Alexander Rybak. På våren gav Tone også ut si tredje plate som fekk tittelen «I know.» Albumet har solgt til dobbelt gull og låg 20 veker på VG-lista. Singelen Butterflies låg 17 veker på VG-lista og solgte 40.000 eksemplar. Tone hadde også sin første internasjonale jobb i London i 2009 og vart nominert til Eurodance Award 2009.
Høyr Luttpriskandidat Tone Damli Aaberge
SMS: Kodeord LUTT 7 til 1987.

8. Babe Rawlins

Babe Rawlins

Babe Rawlins med Henrik Rivedal i spissen.

Foto: Pressefoto.

Bandet Babe Rawlins er leda av vokalist og låtskrivar Henrik Hellevik frå Askvoll. Dei har gjort ein fin suksess i haust og vann konkurransen om å få levere årets låt til TV-aksjonen på NRK. Dermed fekk dei spele direkte både i NRK P3 og for ein million sjåarar på NRK1. Låta Beyond the Glass kom også inn på Fylkestoppen i november.
Høyr Luttpriskandidat Babe Rawlins.
SMS: Kodeord LUTT 8 til 1987.

9. The Generous Days

The Generous Days

The Generous Days kom med plate 23. november.

Foto: Alexander Benjaminsen

Bandet med medlemmer frå Jostedalen, Hornindal, Lærdal og Leikanger starta året med speling på bransjetreffet Bylarm. Deretter la dei ut på ein sommar med mange spelejobbar. Dei har spelt på lokale og nasjonale scener, og var å sjå mellom anna på Norwegian Wood og på ein større festival i Liverpool. 23. november kom endeleg deputplata Thease are the Generous Days ut. Per Ole Hagen i NRK gav den svært god kritikk.
Høyr Luttpriskandidat The Generous Days
SMS: Kodeord LUTT 9 til 1987.

10. Unni Løvlid

Unni Løvlid

Unni Løvlid kom med ny plate i 2009.

Foto: unni.no

Den anerkjente folkemusikaren Unni Løvlid frå Hornindal kom i 2009 med plata Sju Vindar. Der har ho vore med å tonesett Olav H. Hauge sine tekstar. Det vekte mykje merksemd då Unni vart nekta å spele desse låtane i Nedstryn Kyrkje i haust. Men av kritikarane fekk ho svært gode tilbakemeldinga på måten ho tolkar Hauge.
Høyr Luttpriskandidat Unni Løvlid
SMS: Kodeord LUTT 10 til 1987.

11. Kurt Andrè Aase og Camilla Sæle Merkesvik i Pony The Pirate

Pony The Pirate vinnarbilete

Pony The Pirate under finalen til Urørt i NRK P3.

Foto: Kim Erlandsen / NRK

Kurt Andre Aase frå Bygstad og Camilla Sæle Merkesvik frå Ortnevik har hatt eit fantastisk år saman med det nye bandet Pony the Pirate. Dei starta året med å vinne Urørtfinalen til NRK P3. I premie fekk dei mellom anna eigen turne rundt om i heile landet og ekstra speling på bransjetreffet Bylarm. På Bylarm fyllte dei det store konsertlokalet til Rockefeller til randen. Dei har spelt på det som kan krype og gå av festivalar i sommar, har kontinuerleg hatt singlar inne på spelelista til NRKP3 og gir i januar ut debutplata si.
Høyr Lutpriskandidat Kurt Andrè Aase og Camilla Sæle Merkesvik
SMS: Kodeord LUTT 11 til 1987.

12. Vreid

Vreid

Vreid frå Sogn har hatt stor internasjonal suksess.

Foto: Promofoto: Peter Beste.

Det vart ein fantastisk god start på 2009 for Vreid. Svartmetallgruppa Vreid gav ut plata si Milorg, og fekk så godt som berre gode platemeldingar, både nasjonalt og internasjonalt. Det var fem og seks på terningen, mellom anna frå Aftenposten. Vreid, som er blitt av dei mestselgande artistane frå Sogn og Fjordane, har turnert mykje i løpet av året. Dei avslutta året med ein større turne i USA, der dei no er i ferd med å få eit større gjennombrot. Vreid er blitt eit stort internasjonalt band.
Høyr Luttpriskandidat Vreid
SMS: Kodeord LUTT 12 til 1987.

13. Håvard Lothe

Håvard Lothe

Håvard Lothe frå Florø.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Håvard Lothe frå Florø og bandet gav i 2009 ut si første studioplate med tittelen Dorian Grey. Den hausta gode meldingar og låta Oceans Between gjekk rett inn på toppen av Fylkestoppen. Bandet hadde også ei enorm oppleving då dei fekk spele for eit publikum på 40.000 under ein konsert i Kina. Hausten 2009 var dei på turne med den nye plata og i november spelte dei for Kong Harald i Grieghallen.
Høyr Luttpriskandidat Håvard Lothe
SMS: Kodeord LUTT 13 til 1987.

14. Karl Seglem

Karl Seglem

Karl Seglem.

Foto: Oddleiv Apneseth.

Jazzmusikaren Karl Seglem er ein av dei store norske Jazzprofilane. Også internasjonalt er Seglem eit stort og viktig namn. I 2009 gav han ut si 25 soloplate NORSKJAZZ.NO. Han var også med og gav ut ein ny versjon av Draumekvedet i 2009. I tillegg har han vore ei drivkraft for andre gjennom plateselskapet sitt NorCD. Seglem har også turnert land og strand i Norge det siste året.
Høyr Luttpriskandidat Karl Seglem
SMS: Kodeord LUTT 14 til 1987.

15. Eva & The Heartmaker

Eva Weel Skram

Singelen Superhero vart ein stor hit for Eva & The Heartmaker

Foto: Pressefoto.

Eva & The Heartmaker er bandet der du finn Eva Weel Skram frå Sogndal i spissen. Dei fekk ein god start på året med veldig gode meldingar etter konsertar under bransjetreffet Bylarm i Oslo. I tillegg til den store radioslageren Superhero har ho hatt fleire låtar inne på radiolistene. I mai gav dei ut si nye plate, med ei påfølgande rekke med store spelejobbar i heile sommar. Eva er no flytta til London der ho held fram med å jobbe med musikken sin.
Høyr Luttpriskandidat Eva & The Heartmaker
SMS: Kodeord LUTT 15 til 1987.

16. Tonereise

Tonereise under Nigardsbreen

Innspeling av musikkvideo for Tonereise under Nigardsbreen.

Foto: Iren Vatne

Tonereise frå Luster kom hausten 2009 ut med si nye plate med namnet Lekmann. Musikkuttrykket til Tonereise er framleis basert på songarven etter folkemusikaren Ragnar Vigdal, som i si tid samla hundrevis av gamle, religiøse folketonar. Utvandringa til Amerika er eit av temane på den nye plata, der dei også legg vekt på å fornye seg. Den nye plata fekk gode meldingar frå kritikarane.
Høyr Luttpriskandidat Tonereise
SMS: Kodeord LUTT 16 til 1987.

17. Kurt-Arve Washburn

Kurt Arve Liabø

Kurt-Arve Washburn frå Florø.

Foto: Pressefoto.

Kurt-Arve Washburn fra Florø vart nasjonal musikalsk kjendis etter at han deltok i Norske Talenter på TV2. Kurt-Arve kom ikkje vidare i tv-programmet, men vart ein stor publikumsuksess i etterkant. Eit mobilselskap lanserte han i alle kanalar både i musikkbutikker på nett og mobil. På sommaren kom også debutplata til Kurt-Arve som han gav ut på plateselskapet Tylden.
Høyr Luttpriskandidat Kurt-Arve Washburn
SMS: Kodeord LUTT 17 til 1987.

18. Tyyl

Tyyl

Tyyl under konserten på Bylarm 2009.

Foto: Per Christian Grov.

Rockarane i Sognegruppa Tyyl har blitt kjende gjennom bruk av dialekta si frå Sogn. Dei lagar eigenprodusert rock på sognamål. På bransjetreffet Bylarm i Oslo fekk dei mykje merksemd nettopp på grunn av dette. Gruppa gav ut EPen Heimalamb i 2009, spelte på fleire festivalar og er i full gang med å spele inn si første langspel plate som kjem til våren 2010.
Høyr Luttpriskandidatane Tyyl
SMS: Kodeord LUTT 18 til 1987.

19. Christina Knudsen

Christine Knudsen

Luttalentet Christina Knudsen frå Jølster.

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK

Christina Knudsen vart kjent gjennom lokalmusikprogrammet Lutt hausten 2009. Der framførte ho sin eigenskrivne låt Not Worth It. Deretter vart det speling både på NRK si jubileumsending og for Kongen under ei tunnelopning i Jølster. Knudsen er elev ved musikklina på Firda vidaregåande skule og er no klar med si andre låt på spelelista til NRK Sogn og Fjordane.
Høyr Luttpriskandidat Christina Knudsen
SMS: Kodeord LUTT 19 til 1987.

20. Gro Marie Svidal

Gro Marie Svidal

Gro Marie Svidal frå Jølster.

Foto: Sigrid Winther

Gro Marie Svidal kom i vår ut med soloplata si med tittelen Hardingfele. Der har ho funne fram 19 perler frå gamle arkiv. Plata fekk svært god mottaking både av nasjonale og internasjonale meldarar. Ho fekk terningkast fem av fleire, og vart nominert til pris under årets Folkelarm, som er folkemusikken sin versjon av Spellemannsprisen. Gro Marie vann har også spelte hardingfele på den kritikarroste plata til Helene Bøksle og vann Vestlandskappleiken i år.
Høyr Luttpriskandidat Gro Marie Svidal
SMS: Kodeord LUTT 20 til 1987.

21. Karin Haugen og Helge Bjorøy

Karin Haugen

Karin Haugen bak Sommarkveld ved Skjerjehamn.

Foto: Gunnar Haugen

Karin Haugen og Helge Bjorøy vann i januar tittelen årets Fylkestoppp 2008 med låta Sommarkveld ved Skjerjehamn. Deretter vart førespurnadane mange om å gi ut plate med musikken på. I november vart plata ein realitet. Blå natt heiter albumet som inneheld ni spor.
Høyr Luttpriskandidat Karin Haugen og Helge Bjorøy
SMS: Kodeord LUTT 21 til 1987.

22. Ungdomskulen

Ungdomskulen
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Dei tre medlemmene i Ungdomsskulen har hatt nok eit supert år. Dei rocka deltakarane på bransjetreffet Bylarm, dei spelte på Øyafestivalen, gav ut plata Bisexual som fekk veldig god mottaking og dei har turnert både USA og store deler av Europa. I november vart dei plukka ut som ein av få etablerte artister som har eit stort internasjonalt potensial av bransjetreffet Bylarm.
Høyr Luttpriskandidatane Ungdomskulen
SMS: Kodeord LUTT 22 til 1987.

23. Olav Stedje

Olav Stedje

Olav Stedje med liveplate og singel i 2009.

Foto: Promo

Olav Stedje er ved sidan av Tone Damli Aaberge den mestselgande artisten i Sogn og Fjordane gjennom tidende. I 2009 gav han ut liveplata I levande Live frå ein konsert på NRKP1. Han gav også ut singelen Reise Heim saman med Guren Hagen.
Høyr Luttpriskandidat Olav Stedje
SMS: Kodeord LUTT 23 til 1987.

24. Synnøve Bjørset

Synnøve S. Bjørset

Synnøve S. Bjørset frå Jølster.

Foto: Vegard Fimland

Folkemusikaren Synnøve Sæmundsdotter Bjørset starta året med å imponere med si andre soloplate. Albumet som fekk tittelen Slåttar fekk terningkast fem frå mange platemeldarar, mellom anna frå Aftenposten. Jølstringen har også turnert med Majorstuen. Dei var mellom anna i Mexico i 2009.
Høyr Luttpriskandidat Synnøve S. Bjørset
SMS: Kodeord LUTT 24 til 1987.

25. Kruttrøyk

Kruttrøyk

Sunnfjordbandet Kruttrøyk har stor suksess på dansebandjukeboks.

Foto: Torgeir Ness Sundli

Countryrock-bandet Kruttrøyk frå Sunnfjord har i 2009 hatt stor suksess på dansebandjukeboksen til NRK. Til tider har dei hatt heile tre låtar inne på lista. Bandet kom med det nye albumet Farande Fant i 2009, og hausta mange rosande ord og gode terningkast for denne. Bandet er svært populært til festlokaler i Sør-Norge.
Høyr Luttpriskandidat Kruttrøyk
SMS: Kodeord LUTT 25 til 1987.

26. The Pink Robots

The Pink Robots (Foto/Copyright: Øyvind Ganesh)

The Pink Robots frå Selje.

Foto: Øyvind Ganesh Eknes

Bandet The Pink Robots frå Selje har heilt tydeleg bestemt seg for å slå gjennom. Dei kom inn på NRK P3 si speleliste gjennom Urørt i 2009. I tillegg fekk dei spele på Norwegian Wood, ein av dei store festivalane i Norge. Mot slutten av året vart dei plukka ut til det store bransjetreffet Bylarm i Oslo i februar 2010.
Høyr Luttpriskandidat 26 - The Pink Robots
SMS: Kodeord LUTT 26 til 1987.

27. Arve Henriksen

Arve Henriksen

Arve Henriksen frå Stryn.

Foto: Oliver Heisch

I 2009 vart trompetaren Arve Henriksen frå Stryn plukka ut til tittelen "artist in residence" under moldejazz. Dermed fekk han spele sju konsertar i løpet av den store festivalen. Henriksen er no ein av dei norske musikarane som gjer seg mest gjeldande både i Noreg og i utlandet. Han er svært etterspurt, har stor allsidigheit og har holdt fleire konsertar i Europa i 2009.
Høyr Luttpriskandidat Arve Henriksen
SMS: Kodeord LUTT 27 til 1987.