Hopp til innhold

Dei vart kåra til årets artist

Laurdagens Julelutt vart svartmetall-bandet Vreid sin store kveld. Først fekk dei oppfylt draumen sin, så vart dei kåra til årets artist i fylket. Til slutt fekk dei ein sjekk på 25.000 kroner.

Vreid vart kåra til årets artist 2012 i Sogn og Fjordane.

ÅRETS ARTIST: Vreid,er kåra til Årets artist i Sogn og Fjordane.

Foto: Øystein Torheim

Det heile skjedde under Julelutt i Trivselshagen på Sandane.

Med 40.000 selde plater er Vreid dei aller største plateartistane frå Sogn og Fjordane.

– Dei er verdsstjerner innan sin sjanger, og har spelt svære konsertar i 15 land på tre kontinent, lyd det i grunngjevinga frå juryen.

Hektisk år

Vreid vart nominert til Spellemannsprisen 2011 for sitt femte studioalbum V. Dei har i år lagt bak seg samarbeid med den indiske danserinna Rukmini Chatterjee, noko som igjen resulterte i turne i India og i operaen i Oslo.

I sommar turnerte Vreid i England saman med eigne heltar og inspiratorar i Paradise Lost . I forkant at Luttpris-utdelinga laurdag fekk dei også draumen oppfylt då dei spelte saman med Oddvar Torsheim.

– Dei er det første svartmetallbandet som har opptredd i operaen, sa programleiarane og Lutt-nestorane Stian Sjursen Takle og Stein Jarle Aase før dei røpte årets vinnar av Luttprisen.

Torsheim delte ut

Det var publikum som røysta fram dei 25 kandidatanel. I tillegg til juryen er kåringa eit resultat av publikum sine over 10.000 røyster i forkant av Julelutt.

Prisen vart delt ut av Oddvar Torsheim.

– Det eg set mest pris på er at vi får dette verket frå Oddvar Torsheim, gliste bassist Jarle Kvåle etter utdelinga. Representanten frå Sparebanken Vest overrekte like etter sjekken på 25.000 kulturkroner til det han skildra som Sogndal sin augestein.

– Tusen takk for alle som har kome her i dag. Ikkje minst alle som har stemt på oss, trufaste og familiane våre. Og eg må berre seie det ein gong til; tusen takk, Oddvar, avslutta Kvåle.