Hopp til innhold

Åshild Mundal får radiohit

Åshild Mundal frå Luster blir ein av dei mest spelte på NRK P1 i haust.

Åshild Mundal

Åshild Mundal si låt Lukklegaste i Verdi blir å høyre på norsk radio i haust. Ho har nemleg komme på spelelista til NRK P1.

Foto: Pressefoto

Frå starten av november kjem låta «Lukklegaste i Verdi» til å bli mykje å høyre på norsk radio. Den største radiokanalen i Norge, NRKP1, har nemleg plassert låta til Åshild Mundal inn på spelelistene sine.

–Enormt kick

– Å få beskjeden om at eg var lista på P1 var først og fremst eit enormt kick for meg som låtskrivar og sangar. Ein kan nærast ikkje få eit klapp på skuldra med meir tyngde, seier Åshild Mundal til NRK.no.

Ho føler dette er beviset på at musikken hennar har livets rett, og at ho er allment akseptert.

Åleine for første gong

Åshild Mundal kjem frå Hafslo i Luster, og syng på klingande sognadialekt. Tidlegare har ho sunge med stjerner som Sissel Kyrkjebø, Jan Eggum, Tommy Körberg og Dance With a Stranger.

Men i haust har ho gjeve ut plate på eigenhand for aller første gong.

Terningkast 5

Åshild Mundal - Fritt Fall

Åshild Mundal har fått flotte meldingar på den nye plata Fritt Fall.

Foto: Patecover

Åshild har fått veldig gode meldingar på den nye plata som har fått tittelen «Fritt Fall». Fleire aviser har gjeve ho terningkast fem. I tillegg har ho vore inne på VG si liste for dei mest solgte albuma i Norge. Norsk på Norsk i NRK P1 gav ho karakteren åtte av ti då dei vurderte plata.

–Stor betydning

No får ho i tillegg radiospeling i kanalen med flest lyttarar i Norge.

–Å bli lista på NRK P1 er stort. Ikkje minst fordi eg veit kor trangt nålauge er. Folk som aldri har høyrt om meg får no ein mogelegheit til å stifte kjennskap med meg, seier Åshild Mundal.

Ho meiner speling på NRK P1 har stor betydning for vegen hennar vidare.