Hopp til innhold

Asbest stoppa plateinnspeling

Halvegs i innspelinga måtte bandet Tyyl avbryte innspelinga av eit fullengde album.

Tyyl
Foto: Per Christian Grov.

Dialektrockarane Tyyl, frå Sogn, var midt inne i plateinnspeling då dei plutselig fekk beskjed om at studioet dei brukte skulle stengast i tre år.

Det er på ein skule i Oslo dei spelar inn plate, og grunnen til at det måtte stengast var asbest i ventilasjonsanlegget.

Leiter etter nye lokaler

Sjølv om skulen må stengast i 3 år, vil ikkje dette sei at plata er utsett tre år. Ein lattermild Håvard Øyrehagen kunne fortelje NRK sitt musikkprogram Lutt, at teknikaren no leiter febrilsk etter nytt studio.

Kjente songar

Bandet har spelt mykje rundt i landet i sumar, mellom anna på oslofestivalen Bylarm. Songane som kjem på det nye albumet er songar dei har spelt på konsertane i sumar.