Hopp til innhold

Årets artistar: Generous Days

Generous Days avrunda eit fantastisk år med å vinne Lutt-prisen i dag.

- Det er utruleg kjekt at så mange likar musikken vår. Me har kome langt på kort tid, sa ein lukkeleg Erik Grov, vokalist i bandet då distriktsredaktør Kai Aage Pedersen hadde overrekt han prisen under Lutt-showet i Førde i dag.

Les alt om luttprisen her

Sjå video frå konsertsendinga: Julelutt

Fantastisk år

Generous Days har i år gitt ut sin første EP, spelt på legendariske The Cavern i Liverpool, Hovefestivalen og hatt fleire konsertar i Los Angeles. Dei har base i Oslo, men medlemmene kjem frå Jostedalen, Hornindal, Lærdal og Leikanger.

Dei har fått mykje kritikarros for den stilsikre og straumlinjeforma gitarpopen sin, og har no fått eit solid skulderklapp frå NRK Sogn og Fjordnane sine lyttarar i form av Lutt-prisen. Til saman 19.000 stemmer har vorte gitt til dei fem finalistane gjennom NRK Sogn og Fjordane sine nettsider.

Bandet jobbar no med sitt første album.

Les og: Her er finalistane