Hopp til innhold

Lutt på P1-scenen

På fredag kan du høyre lokale artistar frå Sogn og Fjordane på den største radioscena i Norge.

Eva Weel Skram og Håvard Lothe

SPELTE SAMAN: Eva Weel Skram, Håvard Lothe og resten av fylkesgruppa blir å høyre på P1-scenen fredag kveld.

Foto: Simon Solheim / NRK

I november i fjor arrangerte NRK Sogn og Fjordane luttgalla frå Operahuset Nordfjord. Her spelte nokre av dei beste artistane frå fylket. No vert deler av konserten sendt på norges største radiokanal.

Mest frå fylkesbandet

Fredag 28. januar sender nemleg konsertprogrammet til NRK P1, P1-scenen, ein heil time frå denne Luttsendinga. Mellom anna får du høyre fylkesbandet spele saman for aller første gong. Olav Stedje, Eva Weel Skram, Håvard Lothe og Sigrid Moldestad framfører saman sine beste låtar.

Lothe og Myklebust

Robert Sætervik

PROGRAMLEIAR: Robert Sætervik er programleiar for P1-scenen som sender Luttkonsert fredag kveld.

Foto: Hans H. Bjørstad

Men det blir og musikk frå bandet Lothe med Odd-Erik Lothe i spissen og det unge talentet Sigrid Myklebust frå Eid.

- Det var ein kjempeflott Lutt-konsert frå Operahuset. Spesiellt er fylkesgruppa flott. Det høyrest så bra ut at eg skulle ønske det var fleire konsertar av denne typen.

Det seier Robert Sætervik som er programleiar i P1-scenen. Han skryter også mykje av 16 år gamle Sigrid Myklebust frå Eid.


Sendinga høyrer du på NRK P1 fredag 28.januar klokka 22.05.