For aller første gong har NRK Sogn og Fjordane flytta Luttsendinga til ei scene i Oslo.
Inviterer publikum
Musikkprogrammet Lutt har fått låne NRKP3 si scene på Kulturhuset i Oslo, og inviterer både publikum og lyttarar til ei sending med gjester og litt livemusikk.
- Dette gler eg meg veldig til. Blant anna kjem Iselin Solheim, nrwy, Odd-Erik Lothe i Krom innom som gjester, og Alexander Pavelich kjem med By:larmbandet sitt Lovespeake for å spele to av låtane sine live for oss, seier Stian Sjursen Takle som er programleiar og ansvarleg for programmet.
- Les også:
Frå Bylarm til Luttscena
I Oslo vert By:larm arrangert i desse dagar, med 100 artistar som gjer 200 konsertar i løpet av fire dagar. Dette treffet vert omtala som eit av dei viktigaste i Europa.Frå Sogn og Fjordane er det bandet Lovespeake som har blitt plukka ut til å få vise seg fram under to konsertar.
Øyrehagen for første gong
Håvard Øyrehagen kjem også for å framføre ein smakebit frå sitt nye soloprosjekt for aller første gong. Han er også kjend som vokalist i Tyyl!, men no ønskjer han også å vise ei litt rolegare og mjukare side av seg sjølv musikalsk. Dette har blitt soloprosjektet Øyrehagen som du får høyre live under Lutt si sending frå By:larm i dag.
Får låne P3-scene
Det er Christine på NRKP3 som kvar dag under By:larm sender frå scena som NRK Sogn og Fjordane får låne ein time i ettermiddag. I P3 si sending besøker mellom anna Kaveh og Bendik den same scena som Luttsendinga skal få frå i ettermiddag.
Radiosending direkte
Showet på kulturhuset vert arrangert i samarbeid med Brak, Malakofff, Utkant, Målrock og Framtidsfylket som håpar at folk frå Sogn og Fjordane som er i Oslo tek turen til Kulturhuset i ettermiddag. Sendinga går direkte i radio på NRK Sogn og Fjordane 1603-1700.