Hopp til innhold

Pakkar julemat for harde livet til svoltne svenskar

STADLANDET (NRK): Om ein liten månad er norsk fisk på tusenvis av juletallerkenar i nabolanda våre.

Lutefiskproduksjon hjå Per Stave AS

LUTEFISK TIL FOLKET! Henny Stave sørgjer for at dei som vil ha det, skal få lutefisk til jul.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det blir litt arbeid framover, men litt ut i desember roar det seg, seier Peder Stave.

Lutefiskprodusenten og fiskemottaket Per Stave AS, som held til ved det frodande Stadhavet, har hendene fulle med å sørgja for at nordmenn, svenskar og finnar får julematen sin.

Rune Stave (t.v.) og Peder Stave

FAR OG SON: Rune Stave (t.v.) er dagleg leiar i Per Stave AS. Peder Stave er formann/kvalitetsansvarleg i familiebedrifta.

Foto: Harald Kolseth / NRK

500 tonn i Sverige og Finland

Lutefisk er tradisjonell julemat i både Noreg, Sverige og Finland. I 2016 åt nordmenn 2315 tonn lutefisk, i følgje Norsk Sjømatråd. Ein tredjedel av det vart ete i julehøgtida.

Til den norske marknaden leverer Per Stave AS mellom 200 og 250 tonn lutefisk. Til Sverige og Finland leverer dei tørrfisk til å laga det dobbelte.

– I Sverige og Finland brukar dei ei litt anna oppskrift på lutefisk. Dit sender me tørrfisk som dei lutar sjølv, seier Peder Stave, kvalitetsansvarleg hjå Per Stave AS.

I Noreg er det kaustisk soda som vert brukt til å laga lutefisk. I Sverige og Finland brukar dei krystallsoda og kalk, ifølgje Rune Stave, dagleg leiar i bedrifta.

– Det gjer at lutinga tek litt lenger tid. Så all tørrfisken me leverer til dei landa, har me allereie sendt frå oss, seier han.

Lutefisk

FØR OG ETTER: Lutefisk frå Stad er populær julemat i Sverige og Finland.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Tenker allereie neste år

Før årets lutefisk er komen på bordet, er dei allereie i gang med å førebu neste års festmåltid.

– Me kjøpte inn eit parti med fersk fisk no som skal tørkast. Det skal bli lutefisk jula 2019, seier Rune Stave.

– Er det lutefisk som blir servert heime på julaftan?

– Hehe, nei, det er nok pinnekjøt på julaftan, seier han.