Han meiner det er ganske sikkert at jervetispa som vart observert med ungar i Luster i fjor, har ynglehiet sitt i Skjåk.
- Jerven kjenner ikkje kommunegrenser, så om han ynglar i Skjåk så veit vi frå tidlegare at han kjem over til Luster og gjer skade seinare utpå sommaren, seier Øvreås.
Difor søker dei no Direktoratet for Naturforvaltning om løyve til hijakt i nabokommunen.
Aukande tap
Heilt sidan 1996, då jerven byrja å gjere seg gjeldande i Luster, har tapa for saueeigarane berre auka. No meiner saueeigarane at det finst mellom 10 og 15 jervar i området - som strekker seg frå Årdalsfjorden og altså også innom Skjåk kommune i Oppland fylke. Og sjølv om det i fjor vart felt fem jervar i dette området, representerer den veksande rovdyrstamma likevel etterkvart eit veritabelt problem for saueeigarane, seier Øvreås.
Dei fem dyra som vart felt i fjor, var berre hanndyr. I fjor vart gjort fleire registreringar av eit ungekull i Mørkridsdalen. Det meiner Øvreås tydeleg viser at det no er ynglande jerv i området - noko ein ifølgje stortingsvedtak ikkje skal ha.