Hopp til innhold

Lustring heidra 120 år etter at han kom til Montenegro

Henrik Angell (1861-1922) er truleg den mest minneverdige av våre gløymde nasjonalheltar. I dag vart lustringen heidra til det fulle i Montenegro.

Skiklubben SK Zlatibor fører arven etter Henrik Angell vidare i Serbia.

HEIDRA: I år er det 120 år sidan lustringen Henrik Angell førte skikunsten inn i Serbia og Montenegro. Dette ville landets største skiklubb, SK Zlatibor, sjølvsagt vere med å markere.

Foto: Tom Erik Guttulsrød

I nasjonalanlegget for ski i Holmenkollen står det berre to skulpturar. Den eine av Kong Olav, medan den andre er av lustringen som nesten ingen i Norge har høyrt om.

Men Henrik Angell sette skispor etter seg, som går heilt inn i vår tid. Mellom anna førde han skiidretten til utlandet. Difor vart han også heidra i Beograd i dag.

– Angell er ein mann som framleis blir hugsa godt her, seier Nils Ragnar Kamsvåg, Norges ambassadør i Serbia, Montenegro og Makedonia.

Døydde i krig

Henrik Angell

NASJONALHELT: Henrik Angell lærte kongane i Serbia og Montenegro skikunsten.

Angell busette seg i Oslo då han flytta frå Luster. Før han døydde 60 år gamal under den russiske borgarkrigen, rakk han å bli offiser, framanlegionær, første nordmann i den internasjonale olympiske komité, eventyrar, skipioner, forfattar og føredragshaldar.

Men det er truleg som skipioner han sette størst spor etter seg. Ikkje berre fekk han nordmennene til å pusse støv av både ski og skikunnskapar. Han tok også kunsten med ut om landegrensene.

– Skientusiastar på ambassaden fann at det var han som førte skikunsten til Montenegro, fortel Kamsvåg.

(Artikkelen held fram under biletet)

SK Zlatibor heidrar Henrik Angell

HEIDRA: Skiløparar frå SK Zlatibor deltok under markeringa i Beograd.

Foto: Tom Erik Guttulsrød

Nasjonalhelt

Heile markeringa starta då «Sønene av dei svarte fjella» skulle gjevast ut på nytt i Montenegro. Redaktøren ynskte å halde føredrag om mannen som mellom anna lærte kongane i Serbia og Montenegro å gå på ski.

SK Zlatibor heidrar Henrik Angell

SKIKLUBB: Det var ikkje berre i Sogn at Henrik Angell danna grunnlag for skiklubbar.

Foto: Tom Erik Guttulsrød

Med ry på seg som ein nasjonalhelt, såg dermed ei større markering dagens lys. I tillegg til føredrag om lustringen sitt virke, blir det filmframsyning og føredrag med Serbias fremste vintersportutøvar, Alexander Milenkovic.

– Han stilte i tre ulike OL, i tre ulike øvingar for tre ulike land. Han fortel om sine erfaringar som vinteridrettsutøvar, seier Kamsvåg om syklisten, skiskyttaren og langrennsløparen.

Vil byggje bru

Den meste kjende skiklubben i Serbia, SK Zlatibor, stiller med yngre krefter som har vidareført arven etter Angell.

Klubben vart skipa i 1938–16 år etter at inspirasjonskjelda døydde.

– Vi vonar å byggje bru mellom Angell si verksemd på 1890-talet, og Serbia Montenegro i dag. Vi håpar å inspirere til utvikling av skisporten, avsluttar Kamsvåg.