Hopp til innhold

Lustraungdomane best i landet

Lustraungdomen var best i klassa ved årets lokalval.

Ordførar i Luster, Torodd Urnes.

STOLT: - Eg tykkjer vi har ein flott ungdom i Luster. Det har dei skikkeleg vist ved valet. Dei sler resten av befolkninga med ti prosent, seier ordførar i Luster, Torodd Urnes.

Foto: Arve Uglum / NRK

Av 146 16- og 17-åringar, deltok 120 av ungdomane i kommunen ved årets kommunestyreval.

Det gir ein oppslutnad på 82,2 prosent, og er skyhøgt over normalen for førstegongsveljarar.

– Det er alltid flott å toppe slike statistikkar. Det var imponerande, men vi fekk tilbakemelding heilt frå starten om at dette var noko ungdomane ville vere med på, seier ein stolt avtroppande ordførar, Torodd Urnes (KrF).

Best i klassen

Urnes tok initiativ til å søkje om å få vere då kommunaldepartementet opna for prøveordninga.

Responsen frå ungdomen var overveldande. Det var ingen andre kommunar i prøveordninga som kunne måle seg med oppslutnaden i Luster. Urnes er ikkje overraska.

(Artikkelen held fram under oversikta)

Valgdeltakelse blant 16- og 17-åringer

Kommune

Valgdeltakelse blant 16- og 17-åringer

Sum

57,3 prosent

Luster

82,2 prosent

Marker

73,2 prosent

Vågå

71,3 prosent

Namdalseid

68,9 prosent

Kåfjord

65,4 prosent

Sigdal

62,0 prosent

Stavanger

61,5 prosent

Hamar

60,0 prosent

Grimstad

59,6 prosent

Mandal

59,2 prosent

Kautokeino

59,1 prosent

Tysfjord

59,0 prosent

Osen

58,6 prosent

Austevoll

55,2 prosent

Lørenskog

55,0 prosent

Gjesdal

54,7 prosent

Porsgrunn

51,3 prosent

Ålesund

48,0 prosent

Re

45,3 prosent

Hammerfest

44,8 prosent

Ekspander/minimer faktaboks

– Vi har hatt informasjon til begge kulla i 10. klassen, engasjerte ungdommens kommunestyre og fekk ungdomane til å spreie bodskapen på sosiale medium som Facebook. Like før valet hadde vi informasjonsmøte for alle 16 til 19-åringar, seier Urnes.

Betre enn dei vaksne

Den totale valdeltakinga i Luster var også høg med 73,09 prosent, mot 70,14 ved valet i 2007. Ungdomane gjekk dermed dei vaksne ein god gange i oppslutnad.

Ved dei tre førre vala har deltakinga blant førstegongsveljarane i snitt vore 33 prosent.

– Skulevalet er jo berre ein gimmick, men dette telde jo. Røystene deira talde på lik linje med dei vaksne si røyst, seier han og meiner tala viser at ungdomane let seg engasjere av politikk.

Studerte programma

– Eg trur det gav inspirasjon. Det vil alltid vere nokon som trekkjer på skuldrene og tenkjer at valet «ikkje gjeld oss». Det som var imponerande var at dei sette seg inn i programma og fann skilnader mellom program. Eg trur kanskje ungdomen var dei som las programma best, held Urnes fram.

Han trur også at responsen har overtydd skeptikarane blant kommunepolitikarane, om at dette er noko som bør innførast fast.

– Det var kanskje ikkje alle sitjande politikarane som var begeistra, men eg trur nok dei har fått eit anna syn på det no som dei ser kor ungdomane slutta opp, seier han.