Sist torsdag hadde formannskapet i kommunen til handsaming ein konsesjonssøknad for Fortun - Grandfastvassdraget. Denne gjekk formannskapet i mot.
- Bakgrunnen er søksmålet Hydro hadde mot Staten, der dei gjekk i mot prisen på konsesjonskraft, seier ordførar i Luster, Torodd Urnes.
Ved Hydro sine utbyggingar tidlegare har det alltid vore ein føresetnad at kommunen skulle få ei økonomisk godtgjersle. Men i seinare tid er dette snudd til å bli ugunstig for kommunen, konkluderer formannskapet.
Vil presse Hydro
- Luster kommune ønskjer no at Hydro tek meir ansvar, seier Urnes.
- Dei viser ikkje det ansvaret som dei burde for kommunane, og det er eigentleg der verdiane ligg, seier lustraordføraren. Ved å nekte Hydro konsesjonen i Fortun, vonar dei å tvinge selskapet til å ta ansvar.