Hopp til innhold

Han håpar cruisekaianlegget får stå i fred

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, håpar Oddvar Røysi legg bort planane om å rive cruiseanlegget i Skjolden.

Ivar Kvalen

VIKTIG: Ivar Kvalen fortel at Røysi er ein viktig mann for Luster og håpar kommunen kan bli samde med investoren om ei løysing.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Røysi føler seg ikkje lenger velkomen i Luster og vil no rive cruisekaia han sjølv har bygd opp i Skjolden. I eit intervju med Dagens Næringsliv går Røysi hardt ut mot både Luster kommune og Sogn Avis som han meiner har motarbeidd han.

Luster-ordførar Ivar Kvalen håpar Røysi legg bort planane.

– Det er ikkje tvil om at vi håpar han legg bort planane om å rive anlegget. Vi vil så snart som råd prøve å få til ein dialog med han for å løyse saka, seier Kvalen.

Trekker seg ut

Røysi er fødd i Luster og har med base på Ringerike slått seg opp som investor innan mellom anna eigedom og helikoptertransport. Det siste tiåret har han og investert fleire hundre millionar kroner i ulike prosjekt i Skjolden, men no vil han trekke seg ut.

Oddvar Røysi

VIL RIVE: Investor Oddvar Røysi vil ikkje la seg intervjue av NRK om saka, men i ein e-post gjentek han kritikken mot kommunen.

Foto: Haakon Dirk Blaauw / NRK

– Når du ikkje er velkomen ein stad, så får du lyst til trekke deg ut. Denne bedrifta går i tillegg med store underskot, så dei pengane kan eg bruke ein annan stad, seier han til Dagens Næringsliv.

Urimeleg

I intervjuet legg Røysi store delar av skulda for at han vil trekke seg ut av Skjolden på Luster kommune. Bakgrunnen for konflikten er at han vil bygge ein landingsplass for helikopter på hamna i Skjolden, noko kommunen ikkje ønskjer. Rådmann i Luster, Jarle Skartun, meiner utsegnene Røysi kjem med blir urimelege.

Jarle Skartun

URIMELEG: Jarle Skartun meiner kritikken mot kommunen er urimeleg.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi må ta til oss den kritikken han kjem med, men eg synest den er noko urimeleg. Eg er trygg på at medarbeidarane mine er kompetente på både næringsutvikling og plan- og byggesaker, seier Skartun til NRK.no.

Tar ikkje sjølvkritikk

Jan Inge Fardal

NORMAL BEHANDLING: Jan Inge Fardal er klar på at dei ikkje har vore urettferdig i dekkinga av Røysi, men behandla han slik dei behandlar alle.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Også Sogn Avis får kritikk av Røysi. Investoren meiner avisa har vore urettferdige i si dekking av hans aktivitet i Luster, og at dei skuldar han for å øydelegge Skjolden.

Redaktør for avisa, Jan Inge Fardal, synest utsegnene er merkelege.

– Eg synest det spesielt for å seie det mildt, vi har behandla han akkurat slik vi behandlar andre. Vi har vore kritiske til enkelte idear han har kome med, men det er også ei lokalavis si oppgåve. Eg ser ingen grunn til at vi skal ta sjølvkritikk for korleis vi har behandla Røysi, seier Fardal til NRK.no.

– Betyr mykje for oss

Ordførar Kvalen legg ikkje skjul på at investeringa Røysi har gjort i Skjolden betyr mykje for kommunen.

– Er Røysi velkommen i Luster?

– Røysi er veldig velkommen i Luster, det har han vore frå dag éin. Luster kommune har stilt opp for han og hans prosjekt, og fram til i dag har det vore veldig godt samarbeid mellom kommunen og Røysi.