Men fleirtalet var berre på fire mot tre. Mindretalet gjekk inn for ei prøveordning på eitt år. Ordførar Torodd Urnes tilhøyrer dette mindretalet som hadde som hovudargument at legevaktsamarbeid vil gjere det lettare å få legar til kommunen.
For store avstandar
Fleirtalet meiner avstandane blir for store. Motstanden mot legevaktsamarbeid med Sogndal og Leikanger er stor blant lustringane. Fleire organisasjonar har protestert, Luster Pensjonistlag, Fortun bygdelag, Luster eldreråd og Råd for funksjonshemma i Luster peikar på store ulemper, spesielt for eldre folk. Dei vil svært sjeldan treffe ein lege som kjenner dei eller som har tilgang til pasientjournalen deira, i tillegg vil terskelen for å ta kontakt med lege bli høgare, meiner organisasjonane.
- Graverande
Avstanden til Sogndal blir alt for stor, seier leiar Kjartan Kvien i Luster eldreråd.
- Utkantane i Luster har lang nok reiseavstand slik det er idag, seier Kvien. Han er spesielt oppteken av dei vel 120 som bur på sørsida av Lustrafjorden.
- Det mest graverande er reisetida for dei som bur på sørsida. Dei som bur lengst vekk får ei reisetid på to timar, og det er heilt uakseptabelt, seier Kvien.
- Heilt ope
Luster kommunestyre skal ta stilling til legevaktsamarbeidet fredag 17. juni, og etter jamt løp i formannskapet torer ikkje ordføraren spå utfallet.
- Så uavgjort som det var i formannsskapet er dette heilt ope, seier ordføraren.