Hopp til innhold

Fryktar lusesmitte i Kongens favorittelv

Er redd for kva lusefunn i Sognefjorden vil betyr for laksen i Lærdalselvi.

Kongen og Lærdalselva

OFTE PÅ FISKE: Kong Harald hadde Lærdalselvi som ei av sine favorittelvar før elva vart smitta av Gyrodactylus-parasitten.

Foto: Tommy Bergseth-Larsen/Kjell Arvid Stølen / NRK

Det er VG som fortel om saka i dag.

Det er funne lus i Lærdalselvi, elva som kong Harald har omtala som ei av sine favorittar når han skal utøve favorittsporten sin.

– Det er dessverre all grunn til å slå alarm. Vi har ei ruse der vi fangar fisk for å kontrollere lusenivået i Sognefjorden, og den syner at talet på lus har auka dramatisk i år, seier prosjektleiar for villaks i Norges Jeger- og Fiskerforbund, Alv Arne Lyse til VG.

Talet på lus har auka drastisk

Lyse fortel til avisa at ein tidlegare har funne rundt ti lus på fisken.

– Men i det siste har det vore over 100 lus per fisk i snitt, seier Lyse.

Funna gjeld sjøaure i Sognefjorden, men når det er så mykje lus i fjorden, er Lyse redd for kva dette til sjuande og sist vil betyr for villaksen i Lærdalselvi inst i Sognefjorden.

Lyse seier til VG at dette skjer på det verst tenkjelege tidspunktet for villaksen.

– Laksesmolten går frå elvane no og skal bevege seg gjennom desse farvatna. Det er stor fare for at dei vil få masse lus, seier Lyse.

Laks med over tjue lus vert rekna som dødeleg smitta.

Kjem truleg frå oppdrett

Lyse seier til VG at lusa kjem frå oppdrettsanlegga i fjorden.

– Når det er millionar laks berre i eitt anlegg, seier det seg sjølv at det ikkje skal så mange lus til for å skape problem for villaksen, seier Lyse.

Vil opne for fiske

Tidlegare i år vart det klart at Lærdal elveeigarlag ønskte å opne for ordinært laksefiske i Lærdalselvi for første gong på 17 år.

Elva, som ofte vert omtala som «dronninga mellom lakseelvar» har slite tungt med lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

Smitten vart oppdaga i 1996, og til store protestar frå mellom andre Norges Miljøvernforbund vart fisken i heile Lærdalsvassdraget totalt utrydda med rotenon i 1997.

Arbeidet med å bli kvitt parasitten har vore langvarig og tidkrevjande.